Innledning
Den samansette teksten «Hva skjer hvis antibiotika ikke lenger virker?» er ein haldningskampanje om bruken av antibiotika publisert av Helsedirektoratet.

Haldningskampanjen er retta mot dei som har lett for å bruke antibiotika ved sjukdommar eller infeksjonar, der kroppen eigentleg hadde klart å lækje seg sjølv utan den bakteriedrepande medisinen.

Språket har som formål å være informativ og appelativ, der den både vil informere om risikoen ved antibiotikaresistens, og oppfordre mottakeren til å lytte til legen.

Det første eg la merke til i den samansette teksten er dei dystre fargane i bakgrunnen som vekkjer kjensler som frykt, samtidig som det gjev ein kontrast til det som blir fremhevet, nemleg pillen.

Trass i at dette er det einaste motivet, var det et anna element som fanga merksamda min. Øvst på kampanjen står det to ord: «Terrorisme» og «klimaendringer».