Innholdsfortegnelse
Kilder:

Utdrag
Diktet «vær utolmodig menneske!» er skriven av Inger Hagerup. Det vart gjeven ut i 1947 og det er eit tradisjonelt, strofisk dikt. Hagerup skrivar om korleis jorda blei til og korleis menneska skal oppretthalde den freden og roa som var her i frå starten av. «langsomt seiler vår jord mot en ukjent havn».

Med dette trur eg ho meiner at verda som vi kjennar den i dag er i konstant endring og at det er vår oppgåve som menneska å passe på at jorda utvliklar seg i riktig retning. Lengda på kvar verselinje er varierande. Den kortaste er på to ord: «jeg vil», samstundes som den lengste inneheld heile 11 ord: «ingen kan måle vår fremtid, og ingen kan gi den navn».

Det følges ikkje noke strofemønster, kvar einaste strofe er satt opp kvar for seg. Forfattaren vekslar mellom å bruke present og preteritum gjennom heile diktet. Ho brukar presens for å skape dramatikk i forkjellige situasjonar, og preteritum når ho ser attende på hendingar som har hendt tidligare.

Diktet er bygd opp av korte setningar. I nokon deler av diktet, brukar Hagerup særdeles korte setningar for å byggje opp stemninga. «jeg vil» «vi vil ikke tape». «hva er det vi vil?». Saman med dei andre verselinene gjev dette ein rytme.