Innledning
Ved ein temperatur på 15 millionar kelvin fusjonerer hydrogen til helium i den indre av kjernen til sola.

I heile 4.5 milliardar år har sola eksportert energien sin ut i det uendelege universet.

Når eg står heime på plenen ein varm sommardag og ser utover Breimsvatnet, medan eg planlegg å ta meg ein tur ned i fjæra seinare og kanskje stå på vasski bak båten til pappa, kjenner eg sola sin varme treff meg.

Lyset frå sola brukar 8 minutt og 20 sekund på å nå dei mysande auga mine[ (Engvold, 2022)].

Eg skulle hatt solbriller. Denne glødande gasskula er grunnlaget for mitt liv. Grunnlaget for ditt liv.

Ja, sola er grunnlaget for alt liv som nokon gong har eksistert og nokon gong kjem til å eksistere.

Kva er meininga med livet? Heilt sidan antikken har filosofar diskutert dette, eit av dei mest grunnleggjande spørsmåla ved vår eksistens.

Spørsmålet er uendeleg stort og tatt i betraktning at vi har diskutert det i over 3000år, er det relativt vanskeleg å finne eit konkret svar på eller å i det heile forstå kva som ligg i spørsmålet[ (Østby, 2019)].

Utdrag
Kanskje kan døden i seg sjølv gi meining til livet? Døme på dette ser vi for eksempel i hinduismen og buddhismen der «målet» eller meininga med tilværet på mange måtar er å komme seg ut av Samsara, den uendelege rekkja av atterføding.

Dorothe Engelbretsdotter, ein av dei mest populære norske forfattarane på 1600-talet, lengta etter døden.

Dorothe miste nær alle sine born, noko som gav ho eit relativt pessimistisk utsyn på livet[ (SNL, 2022)].

Ho ville døy. Ikkje fordi døden i seg sjølv var ønskeleg, men fordi ho var kristen og etter den kristne trua ville ho kome til himmelen og få eit betre liv etter døden.

Denne tanken var ho ikkje aleine om. For vikingane var det knytt mykje ære til å døy i kamp.

Om dei døydde i kamp ville dei kome til Valhall og leve eit godt liv i luksus der saman med sine tidlegare falne nester.

Både tankegangen til Dorothe og vikingane stiller seg i sterk kontrast til venninna mi som opplevde dødsangst for første gong som femåring.

Forholdet til døden seier oss mykje om forholdet til livet. Om vi ikkje fryktar døden vil vi nok kanskje sette meir pris på livet. Leve best mogleg medan sola enno skin, kva no enn det måtte bety for deg.