Innledning
Tonje Glimmerdal er skrevet av Maria Parr og vart utgitt på Samlaget i 2009. Boken handlar om Tonje som lever eit fritt liv som einaste barn i den vesle bygda Glimmerdalen.

Tonje skal snart fylle ti år, og er ein rødhåret krølltopp av ei jente som lever etter mottoet "fart og sjølvtillit".

Ho har ein bestevenn på 74 år som heiter Gunnvald. Vi følgjer henne frå vinterferien til påskeferien og det skjer mykje på den korte tida.

Mykje av handlinga dreier seg om konflikten mellom Gunnvald og dottera hans Heidi. Mora til Heidi flytta frå Gunnvald for mange år sidan for å satsa på ein songkarriere, og tok med seg Heidi.

Sidan har det ikkje vore noko kontakt mellom far og dotter, fordi begge feilaktig har trudd at den andre ikkje ville ha det. Då Gunnvald hamnar på sjukehus kjem Heidi tilbake til Glimmerdalen for å overta garden hans.

Tonjes liv sitt blir snudd på hovudet og ho er redd for at Heidi skal selja garden til campingplasseigaren Klaus Hagen, som hatar barn. Tonje går derfor aktivt inn for å løysa konflikten og forsona far og dotter.

Utdrag
Skiljet mellom barn og voksnes verdiar kjem òg tydeleg fram når Tonje finn ut av den store løyndommen om at Gunnvald har ei dotter han ikkje har kontakt med.

Av Nils får Tonje høyra den eigentlege historia om forholdet mellom Gunnvald og Heidi. Og det er etter å ha høyrt dette at Tonjes vennskap med Gunnvald blir sett på prøve.

Når Tonje finn ut løyndommen veit ho ikkje lenger korleis ho skal forholda seg til Gunnvald. «Gunnvald som ho er så glad i at det knakar i hjartet.

Plutseleg er det som ho ikkje kjenne han lenger» (s. 146). Synsvinkelen ligg hos Tonje og barnet som lesar vil oppfatta Gunnvald som ein voksen som har svike to barn på ulike måtar.

Han har svike Tonje ved å ikkje fortelja løyndommen og han har svike Heidi ved å ikkje vera der for henne som far.

I dette tilfellet handlar dei ulike verdisynene om Tonjes behov for sanning og rettferd i motsetning til Gunvalds behov for å behalda integriteten sin og avstanden til problema sine i staden for å løysa opp i dei.

Gunnvald er sta og står på sitt og vil ikkje ringa Heidi for å retta opp igjen kontakten. Tonje konfronterer Gunnvald med åtferda hans mot Heidi: ”Viss ein er pappa, så er ein pappa heile tida!