Størst av alt er kjærleiken | Norsk

Innledning
Utan kjærleiken vore verda ingenting. Det er kjærleiken som binder oss saman, og det er kjærleiken som gjer at vi står opp om morgonen. Det er kjærleiken som held oss oppe når vi føler oss som lengst nede, og det er kjærleiken som gjer at vi fortset å gå sjølv om vi ikkje har meir å gje.

Det er kjærleiken som gjer oss sommarfuglar i magen, og det er kjærleiken som av og til gjer livet så lekane lett. Det er kjærleiken som gjer at vi græt, og kjærleiken som gjer at vi ler. Det er kjærleiken som gjer at vi skjønner at ikkje alt kretsar rundt oss sjølv, og det er kjærleiken som gjer at vi skjønner at livet handlar om å gje. Utan kjærleiken vore det ikkje noko å leva for.

Utdrag
I Burning Love, eit utdrag henta frå ”Hel ved” skrive av Lars Mytting, får vi høyre om ein gamal mann som heiter Ottar. Han har ein alvorlig lungesjukdom. Ottar har sjølv skjønt at han ikkje kjem til å overleve neste vinter, men brukar likevel ein heil månad på å hugga ved. I teksten står det: ”Det var kommet et nytt drag over måten han studerte vedstabelen ..... og en dag var ambulansen der”.

Sjølv om kroppen var svak og sjuk, så sto Ottar opp kvar dag og hogga ved. All veden han hadde brukt så mange timer på å hogge, var for at kona skulle kunne helde seg varm til vinteren.

Om Ottar ikkje hadde brydd seg om kona si hadde han nok mest sannsynlig ikkje ofra ein månad av den lille tida han har igjen å leva til å hogge ved. Han kunne jo heller brukt tida på å gjere sakar han synes er morosamt, og nyte livet. Dette er eit godt eksempel kva folk er villige til å ofre for dei dei elskar.

Teksten #modernekjærlighet skrevet av Gut (19) i Aftenpostens spalte Si;D handlar om å få seg kjærast på moderne vis – gjennom Tinder. Forfattaren beskriv korleis denne prosessen går til. På slutten står det: ”#modernekjærlighet er når dere sletter Tinder sammen”.

Personane i teksten sletter Tinder ettersom dei no er saman med kvarandre. Også her er det noko som blir ofra for kjærleiken. ”Ofringa” av Tinder er et bevis på at dei nå er dei viktigaste for kvarandre.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter