Rosabloggerne er flyktningens siste håp | Retorisk analyse

Innledning
”Rosabloggerne er flyktningens siste håp” er eit lesarinnlegg skriven av forfattaren Dagfinn Nordbø og blei publisert første gong på aftenposten.no, 21.01.17. Dagfinn Nordbø var født i 1957, utdanna seg som barnevernspedagog, men har seinare gått over til reklamebransjen og blitt ein kjent tekstforfattar og humorist.

I lesarinnlegget skriv han om rosabloggarar og tar utgangspunktet sitt i eit blogginnlegg rosabloggaren ”komikerfrue” nylig har publisert om eit besøk til ein flyktningleir i Nord-Irak. Teksten er retta mot dei som les Aftenposten.

Utdrag
Nordbø sitt hovudsyn er at rosabloggarane berre reiser til flyktningleirane for å marknadsføra seg sjølv og i realiteten er dei sjølvopptatte og uvitande. Han meiner dei har lite generell kunnskap og kan lite om situasjonen til flyktningane.

Nordbø informerer oss om at i blogginnlegget til komikerfrue på 214 ord begynner alle setningane bortsett frå tre med ”jeg” – ”det er nok et bevisst valg for at leserne skal forstå hvem dette handler om”, skriv han.

Vidare har ”komikerfrue” skrive i blogginnlegget sitt ”jeg har vært i Erbil, som er 6 mil fra Mosul, byen som er omringet av IS”. Dagfinn Nordbø konstaterer at dette stemmer ikkje. Mosul er ikkje omringa av IS, byen er omringa av styrker som skal kaste IS ut.

Dagfinn Nordbø appellerer både godt og dårlig til leserane med etos appellforma. Ein avsendar kan bruke forskjellige metodar for å byggje opp truverdigheten. Først og fremst ved å visa at ein er eit vitande og intelligent menneske, Aristoteles kalla dette ”phronesis”. Her skårar Nordbø høgt, ettersom han har god utdanning og er forfattar av ulike format, antar vi at han har bygd opp god kunnskap om ein rekke emne.

Ein annan måte å byggje opp truverdigheten på er ved å visa at ein har god karakter og moral, det vil seia at ein er eit godt menneske – areté. Her kan det hende at Dagfinn Nordbø gir et dårlig inntrykk. Han har eit generaliserande og stereotypt syn om rosabloggarane samt at han skriv lesarinnlegget på ein nedlatande og ironisk måte.

Til dømes skreiv han at då komikerfrue var på besøk i Nord-Irak, hadde sminketips vore ein fin gest ettersom at det kan det være smått av i dei små leirane. Dette svekker etos appellforma.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter