«Og så kom sommeren» | Analyse | Gro Dahle

Innledning
«Tankene mine gnager i hodet mitt, biter hull, graver kanaler, presser seg lenger og lenger ned i mørke, huler meg ut».

Slik beskriv Gro Dahle korleis ung kjærleik kan kjennast ut i kortnovella «Og så kom sommeren», ein av novellene frå samlinga Hvem som helst, Når som helst som kom ut i 2009.

Dahle har mottatt ei rekke prisar for sitt forfattarskap, og ho har utgitt både prosa og poesi for vaksne og barn. Innanfor både poesi og prosa har Dahle ei særeiga leiken stil med eit underliggande alvor.

Utdrag
Novella handlar om ein eg-person som er djupt forelska. Det verkar som om eg-personen likar alt med den han beskriv, sjølv dei tinga som normalt er irriterande og negativt.

Dei to personane vi får høyre noko om i novella er einige om å elska kvarandre for alltid, og dei skriv søte små meldingar seg i mellom. Eg-personen visar at han gleder seg til sommaren, og til å nyte lykka saman med den han er forelska i.

Ei dag skriv kjærasten at ho ikkje lenger vil væra saman med hovudpersonen, og at ho «vil være med andre gutter». Etter dette blir stemninga i novella heilt annleis. Herifrå følgjar vi guten gjennom ein nokså kjip kjærleikssorg og ei tung tid.

Alle kontrastane og negasjonane forsterkar at guten går igjennom eit hardt brot, og gjentakingane understrekar dei sterke følelsane.

Handlinga i novella er bygd opp i tre hovuddelar, og går over eit tidsrom på omkring åtte ukar. I dei første tre avsnitta får vi høyre om eg-personens forelsking, og at forelskinga tilsynelatande er gjensidig.

Innleiinga i novella begynner in medias res, som betyr at vi starta midt inni handlinga. Vi får inga presentasjon, men kjem rett inn sjølve historia. I andre hovuddel finn vi vendepunktet i novella, og det er her vi kan seie at spenninga tek seg litt opp.

Det er ikkje det at det skjer så innmari mykje spennande, men vi blir tatt med på kva eg-personen går gjennom, og på grunn av ordvala og samanlikningar blir vi dratt langt inn i handlinga.

Vidare i andre hovuddel beskriv eg-personen sin store kjenslemessige reaksjon i etterkant avvisinga frå kjærasten, før vi i tredje og siste hovuddel av novella høyrer vi om korleis eg-personen sitt fast i tankane om den tapte kjærleiken.

For eksempel kastar han ein stein i vatne, men han er aleine og ikkje saman med jenta slik som han hadde forestelt seg tidlegare.

Bytt til nytt Last opp en av dine oppgaver, og få tilgang til denne oppgaven
  • Oppgaven blir kvalitetssjekket
  • Vent i opptil 1 time
  • 1 nedlastning
  • Minst 5 i karakter
Premium Fast lav pris pr. måned Få tilgang nå