Innledning
I denne teksten skal eg analysere novella «Blå Amason» av Gro Dahle. Novella er henta ut frå tekstsamlinga inflammasjonen frå 1995.

Gro Dahle er fødd i 1962 i Oslo, men voks opp i USA. Ho skreiv noveller, romanar og barnebøker. Tekstane inneheld ofte eit mangfald av bilde, som opnar for mange tolkingar.

Gro Dahle debuterte i 1987 med diktsamlinga Audiens. Handlinga dreier seg rundt ein mann som er veldig glad i bilen sin.

Ein får inntrykk av at han har eit nært forhold knytt til bilen og ingen kjenner bilen så godt som han gjer.

Han pyntar seg for bilen og skulle ut for å kjøre med den når han stoppar på vegen for å sleppe på tre jenter som skal sitte på inn til byen.

Utdrag
Mannsrolla hans blir utfordra og no har jentene makta. Det verkar som dette er tema i novella. det kjem veldig godt fram når han i starten har kontroll over bilen som han tenker er sin kone.

Seinare når han møte jentene mistar han kontrollen. Han ville også vise jentene kven som har makta ved å sleppe dei av eller ved å dra ned smekken bak bilen framfor dei, men han var usikker og fullførte ikkje det han tenkte.

Jentene sitte med makta sjølv om hovudpersonen fortsatt tenker at det er han som har den. Seinare kjøre jentene av med bilen og då innser han at han mista makta til jentene.

Det heng saman med tittelen blå amason. Amasoner er sterke kvinnelege krigarar frå gresk mytologi. Jentene var amasoner når dei stal bilen frå han.

Novella startar med skildring av bilen til hovudpersonen. Forfattaren brukar ord som rygg, hofter og munn for å skildre den.

Det får bilen til å verke som eit menneske. Kanskje som om det er ein dame. Eksempel i teksten er når forfattaren skriv «han strøk bilen over hoftene, klappet den over ryggen.»

Dette er ein litt erotisk beskriving og det viser at han bryr seg om bilen og har eit nært intimt forhold knytt til den.

Eit slikt forhold har ein ofte med sin kvinnelege partner. Forfattaren brukar også kontrast når ho beskriv bilen.