Innledning
Denne novelleanalysen handlar om novella «Svømmekurset» skrive av Gaute M. Sortland frå kortprosasamlinga Korte meisterverk, som vart gitt ut i 2017.
Gaute M. Sortland kjem frå Haugesund. Han debuterte som ein forfattar med romanen sin "Johan" i 2009. Sortland er òg kjent som musikar og songar.
Utdrag
Novella er kronologisk fortalt og har fleire tilbakeblikk når det var snakk om faren. In medias res er korleis forfattaren Stortland har valt seg for å byrja novella på, med setninga «Første gong dei sette seg i bilen, var det mørkt ute.».
Faren som sagt hadde fleire tilbakeblikk gjennom novella og då hoppa han tilbake til tid og forklarte ulike handlingar.
Eit døme på eit tilbakeblikk er «Sjølv tenkte han på kor kort tid det var, og ikkje var, sidan sona vart fødd. Og om han var meir enn normalt opptatt av tida som gjekk.
Det var ein journalist som hadde spurt han om det under eit intervju i samband med den førre plata han gav ut, om det var slik at han var meir opptatt enn andre av tida som gjekk. (...)».
Som eg såg på novella så var den ingen frampeik på kva som skulle skje vidare, men vi kan seia at novella hadde ei slags typisk oppbygning for noveller.
Forfattaren bygger nødvendigvis ikkje på noko spenning undervegs gjennom novella. Gaute har gitt oss mange ting undervegs i novella til å lura på, som vi håper å få svara på mot slutten, men vi får det aldri.
Dette bygde på spenning blant lesarar som førte til at vi las vidare. Spenningskurven i «Svømmekurset» er flat sidan det ikkje var noko tydeleg spenningskurven og forfattaren bygger ikkje på noko serlig gjennom novella sin.
Men ein kan tolka slutten som ei type «spenning» i teksten då vi får vita om foten til sonen. Elles går det òg an å seia at namnet Marie skapte litt spenning blant lesarane, sidan vi fekk så lite informasjon som førte til at vi tolkar kven ho kunne vera og kva som kunne ha skjedd med ho.
Nokre hendingar som auka denne spenninga om Marie er dei gongene dei vart nemnde i samband med faren.
Det er mogleg å forstå legetimen på slutten av novella som eit vendepunkt. Liva til begge hovudpersonane endrar seg når legen nemner at sjukdommen til sonen er borte.
Legg igjen en kommentar