Innledning
Kva er det som driv verda framover? Er det at me vil spesialisere oss i eit bestemt yrke, eller at me rett og slett vil noko meir?
I denne teksten skal eg samanlikne utdraget «Der hendene mine lærer meg eit nytt syn på verda» som kjem frå sakprosaboka Med berre nevane (Siri Helle, 2020), og annonsen «Vil noko meir» (2020) frå NHH - Noregs Handelshøgskule. Eg skal sjå på form og innhald og reflektere over verdiane som kjem frå dei to tekstane.
Utdrag
Annonsen «Vil noko meir» tar føre seg det som driv verda framover litt annleis. NHH ønsker at dei som går der skal få inspirasjon og motivasjon til å skape noko eige, og betre det som allereie er eksisterande.
For å klare det treng me motivasjon. Dei ønskjer at det skal bli satt mål og at oppgåvene skal være krevjande.
På den måten vil NHH noko meir. Det blir presisert fleire gonger i annonsen. «Kva er det som gjer at dei startar eigne selskap og revolusjonerer bransjar?
Det er fordi enkelte menneske ikkje berre vil noko – dei vil noko meir». Forma på utdraget og annonsen er nokså ulik fordi formålet er forskjellig.
Utdraget er forma som ein vanleg tekst fordelt på fleire avsnitt. Her vert det brukt bindestrek og spørsmålsteikn flittig.
Dette gjer meg som lesar meir engasjert. Medan NHH har gjort annonsen sin enkel med lite tekst og eit stort bilete.
Overskrifta «Vil noko meir» blir framheva med stor skrift og seinare framheva med gul skrift. Det kan virke som det er slagordet deira.
Annonsen startar med å bruke spørsmål før den går over til å få fram høgskulens sine viktigaste hovudpunkter.
Legg igjen en kommentar