Innledning
Håp er essensielt. Den indre lysta om at noko skal skje er det som driv oss. Håp er kjelda til alt det fantastiske, men også kjelda til det vonde.
Håp finst i ulike storleikar, og ein kan læra seg å kontrollera desse storleikane. Ein kan bli løfta til skyene av håpet, men den potensielle skuffelsen kan kasta deg til djupner du ikkje visste eksisterte.
Ein som har absolutt kontroll over livet sitt har meistra kunsten å porsjonera ut håpet sitt, og det er noko kvar og ein bør streva etter.
Forholdet mitt til håp er ambivalent. Håpet er på den eine sida det som gir meg gjennomføringskraft, i forhold til skule og andre kvardagslege gjeremål som krev disiplin.
Fordi ein lærer at sjølvdisiplin fører til lykke i form av utdanning status og pengar, så set håpet i gang ein prosess.
På den andre sida fører håpet til skuffelsar i situasjonar der resultat ikkje lever opp til forventningane.
- Norsk
- Utdanning: Vg2
- Karakter: 5
- Ord: 382
Legg igjen en kommentar