Kvinnene knuser oss | Retorisk analyse

Innledning
Kommentarartikkelen til Stein Aabø blei publisert i Dagbladet den 12.oktober 2012, i et tid der likestilling er ein omdiskutert sak.

Teksten har ein iaugefallande overskrift: ”Kvinnene knuser oss”. Kva meiner han med dette? I dagens samfunn er det mye debatt rundt temaet om likestilling og kjønnsdiskriminering.

Ofte prøver feministane å lyse opp kvinner som ”det betre kjønn”. Dette har Aasbø tatt føre seg i kommentarartikkelen sin til Dagbladet, for å vekkje merksemd rundt dette temaet, og prøve å overtyde publikum. Korleis får han dette til?

Utdrag
Avsendaren forsøker å løyse problema i kjønnsdebatten, og har skrive teksten som ein artikkel for å vere sakleg og virke overtydande.

Han prøver å vekkje kjensler hos mottakarane, og brukar då eksemplar om korleis menn ofte blir sett på av stereotypiske feministar.

Likevel ynskjer han å oppnå patos hos kvinnelege mottakarar; ”Mykje er sagt og skrive om kjønnsdeling av arbeidsmarknaden, mangel på likelønn, kvinners dobbeltarbeid heime og på jobb, kvinners høge sjukefråvær etc.”.

Publikum oppfattar avsendaren som truverdig, og dette gir etos til Aasbø. Vidare skriv han om begeistringa knytte til vellukka idrettsmenn og fotballstjerner, som lever i overdådig rikdom.

Han bruker verkemiddelet patos i desse døma, ved å vise til den urettferdige rikdommen til kjendisar, i forhold til korleis den vanlege kvinna må arbeide og slite for lønna. Dette kan ikkje samanliknas, fordi det også fins kvinnelege idrettsstjerner. Aasbø veit nettopp dette, og vi forstår ironien.

I neste avsnitt lar Aasbø det mannlege kjønn framstillas som hjelpelause i arbeidslivet; ”[...] som sit att på landsbygda etter at ungdomskjærasten drog til byen der jobbane er, som er einsame, forbigått og forlatne [...]”.

Dette skapar patos for mennene, og avsendaren har skrive dette igjen for å vere ironisk og fremme bodskapen om overdrivinga med likestillingsdebatten.

Vidare skriv han at det er flest unge menn som droppar ut av vidaregåande skule. Kvifor, tenkjer vi? Det seies, ifølge han, at skulen er feminisert.

Med dette kunne vi ha mista truverdigheita for han, men han underargumenterer dette med ei meir sakleg forklaring, at ”unge elevar med trong til utfalding ikkje finn seg like godt til rette bak pultane i ein teoribasert skulesituasjon”. Dermed klarar han fint å imøtegå kritiske innvendingar frå mottakarane.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter