Innledning
Eg høyrer hjartet bankar og bankar. Pulsen min går fortare enn den nokon gong har gjort. Eg føler eg spring i ring, medan eg har ein klump i magen, akkurat som ein stein.
Det er nokon rett bak meg, det er som om alt er heilt mørkt inni meg, eg føler ingenting, eg har gåsehud på heile kroppen.
Eg føler eg vert forfylgt, nokon tråkkar nesten på skoa mine. Eg oppfattar ein lyd eg aldri har høyrt i røynda, berre på film.
Utdrag
Ei travel veke er over. Mange spørsmål og ein haug med artiklar i avisa. Innbyggjarane er redde og føler seg trua. Ingen tør å gå ut, så det har vore dystert og stille i bygda dei siste dagane.
Eg er desperat etter hjelp. Eg treng hjelp med å skrive og publisere i avisa vår. Eg forsøkjer å kontakta min beste ven som óg er min næraste kollega.
Han er utruleg morosam og snill. Han heiter Lars Hansen, og er like gamal som meg. Han har vore sjuk, så han har ikkje vore på jobb. Han brukar å skrive artiklane saman med meg.
I det eg prøver å få tak i han, ringjer jobbtelefonen min. Det er politiet. Eg røskar telefonen til meg, og der var politiet på øyret. Eg blir taus. Politiet seier til meg at det har skjedd igjen.
Eg spør nyfiken; «Kva har skjedd?». Politiet fortset med at endå ein person er funnen drepen. Eg misser telefonen i golvet, og fleire tusen tankar svevar rundt i hovudet mitt.
Eg kjenner eg får frysningar på kroppen og ei vond kjensle i magen. Det har no skjedd to drap på to veker, akkurat på same dag. Dette er ikkje tilfeldig er tanken som fyrst slår meg.
Eg sit å skriv fleire artiklar samstundes, eg skriv som eg aldri har gjort før. Det har aldri skjedd så mykje i denne vesle bygda.
Eg brukar fleire timar kvar dag på å skrive om denne saka. Eg tek meg ein pause. Eg går til fellesområdet på jobben.
Legg igjen en kommentar