Innholdsfortegnelse
Oppgåve 1
Kjelder:

Utdrag
No til dags kan ein finne humor nesten overalt, både i glade, men også i seriøse settingar, men kva er det greitt å spøke med?

Bør ein til dømes sensurere humortekstar som inneheld krenkande innhald? I denne teksten skal dette temaet bli satt fokus på, der det skal drøftast kvar grensene mellom humor og krenking, og humor og mobbing går.

Humor er noko dei fleste kjenner til, og er også noko ein kan finne i nesten alle situasjonar. Ulike menneskjer har ofte ulike typar av humor, som betyr at ein synes ulike ting er morosammare enn andre.

Nokre kan synes at Vegard Harm som er kjent som både influensar og har deltatt i ei rekke ulike program, er morosam, medan andre kanskje synes at han har dårleg humor (2021).

Humor kan ofte variere ut i frå kor gammal ein er, men også ut i frå kvar, og korleis ein har vakse opp. Nokre kan til dømes spøke med ting som andre blir krenka av, medan andre kanskje berre spøkar med ting som er «innafor» for dei fleste. Humor har altså eit breitt spekter, og kan vere så mangt.

For å sjå nærmare på korleis humor kan vere krenkande, kan ein til dømes bruke serien «Førstegangstjenesten» som er ein norsk tv-serie som døme.

Denne serien kom ut i 2019, og handlar om ulike ungdommar som kjem til ein militærleir, og ein får deretter innblikk i korleis dei har det der.

Alle dei ulike ungdommane blir spela av Herman Flesvig, som er komikar, artist, skodespelar og «instagrammer» (2021).

Alle karakterane har sterke karaktertrekk, og ein av dei ein møter er «Ola Halvorsen», som i serien opphaveleg er ein norsk gut, men oppfører seg som ein som har flytta til Norge, og pratar gebrokkent norsk, eller noko som kan likne på kebabnorsk.

Mange synes at dette er veldig underholdande og morosamt, men Flesvig har også fått kritikk for å snakke «feil» og ikkje prate slik sosiolekta eigentleg er.

Rapparen «Britz» har reagert på dette og drar til dømes fram ei frase i frå songen «Haugenstua», som er sunge av karakteren «Ola».

Frasa: «det er steden min», seier han er feil sagt, og at ingen eigentleg seier det slik. Det at «Britz» tar opp dette kan være bra for mange, fordi det kunne vere fleire som kanskje følte seg krenka, fordi ein kan ha følt seg gjort narr av (Midtskog, 2020).