Innholdsfortegnelse
Del a
Opprøret
Del B
Oppgåve 3
Greta Thunbergs Kamp Mot Verdas Leiarar
Kjelder:
Utdrag
«Jeg kommer nå (Sandra)» blei skrive av Tore Renberg, og kom ut i 2013. Teksten omhandlar Sandra i det ho er ferdig på jobb i ein matbutikk.
Ho har det travelt med å kome seg ut til Daniel, derav tittelen «Jeg kommer nå». Skildringa av Sandra skjer indirekte, gjennom ulike verkemiddel.
Renberg brukar tilbakeblikk og gjentakingar i byrjinga, kor han skriv; «Flink pike, det har hun alltid vært. Leksene har hun alltid gjort, gode karakterer har hun alltid fått».
Dette skildrar korleis Sandra har vore i fortida, og korleis ho framleis er i dag. Forfattaren brukar gjentakingane for å forsterke og understreke at Sandra alltid har vore slik; ho har ikkje forandra seg.
Det kjem fram at ho er kristen ved å nemne Jesus, men også ved å nemne korset, som er eit symbol på Jesus og kristendomen; «’’Daniel,’’ hvisker hun mens hun … dytter sølvkorset på plass i halsgropen…».
Religion er ofte ein viktig del av ein person, og seier mykje om korleis denne personen lever livet sitt, og kva verdiar han har.
Det er ein kontrast mellom Sandra og medarbeidaren hennar, Tiril. Sandra seier til Tiril; «Du kan velge, … lyset eller mørket», som om ho oppfattar seg sjølv som eit døme på ljoset, og Tiril på mørkeret.
Gjentakinga av namnet «Daniel» seier noko om kor fokuset hennar ligg, samstundes som «Daniel» representerer eit opprør frå Sandra si side, kor ho avsluttar forholdet sitt med Jesus (ljoset) for å starte eit forhold med Daniel (mørkeret).
Skildringane av Sandra, særleg med hjelp av tilbakeblikka og gjentakingane, gjer det tydelegare at ho er i ferd med å bryt med sitt gamle eg.
---
Greta Thunberg er ein 17 år gammal klimaaktivist. Ho har fått mykje oppmerksemd for engasjementet hennar, på godt og på vondt.
Talen hennar til FN 26.09.2019, attgjeven av Aftenposten, omhandlar klimasituasjonen på jorda. Thunberg tek opp mangelen på handlingskraft og kva slags konsekvensar det vil ha for framtida.
Hovudbodskapen hennar er at verdas leiarar må gjere noko før det er for seint. Ho nyttar seg av open argumentasjon, logos, i form av tall og fakta.
Thunberg seier: «Den populære ideen om å halvere utslippene våre innen ti år gir oss bare 50 prosents sjanse til å holde oppvarmingen under 1,5 grader celsius,».
Legg igjen en kommentar