Innledning
Inn i elden er skrive av Aina Basso, og den vart utgjeven av Det Norske Samlaget i 2012. Boka er ein historisk roman meint i hovudsak for ungdom, på 221 sider.
Aina Basso vart fødd 14. mai 1979, og er ei nynorsk forfattar og historikar – som kjem frå Møre og Romsdal.
I 2012 og 2013 blei Basso nominert til både Brageprisen og Nordisk råds barne- og ungdomslitteratur for boka ho har skrive.
I tillegg er forfattaren spaltist i Nationen og Sunnmøreposten, og medlem i redaksjonen til det nynorske leksikonet Allkunne.no.
Utdrag
I romanen er handlinga lagt til 1600-talet. Me følgjer dei to unge jentene Elen og Dorothe på femten år, gjennom ei periode i deira liv.
Elen er frå Kiberg i Finnmark, og bur på ein gard med bror sin Sanktominus, og mor si Marja, kjend som «Kloke Marja».
Dorothe er i frå København, og budde der med familien sin heilt til ho blei gift. Elen og familien hennar lever i fattige kår, mens Dorothe kjem frå ein velståande familie.
I romanen lesar vi at Dorothe blir bortgifta til ein mann med namn Johann Beyer. Han er ein mann i tretti-åra, som er ein av dei som har i oppdrag oppe i Vardøy om å fjerne alle hekser.
Dorothes og Elens liv vevas samen da Dorothe og Johann kjem til Vardøy. Boka starter roleg, med ein god del skildringar.
Handlinga blir fortalt i tredje person. Boka er skriven i kronologisk rekkefølgje, og som nemnt – har to parallelle forteljingar der det blir veksla mellom liva til Dorothe og Elen.
2 I boka ser ein at det er brukt tilbakeblikk, der hovudpersonane ser tilbake på noko dei har opplevd. Forteljarmåtane Basso brukte var tanke- og handlingsreferat, scener med replikkar og dialogar, og miljø- og personskildring.
Hovudpersonane er Elen og Dorothe, mens Marja, Sanktominus og Johann Beyer er bikarakterane. Dei resterende personane i boka er statiske karakterar, som ikkje forandrar seg noko særleg i løpet av handlinga.
Avslutninga har ein open slutt, og boka avsluttar med spenningskurva på topp. Noko som gjer at lesaren ønskjer seg ein bok nummer to.
Legg igjen en kommentar