Innledning
Jakob Ingebrigtsen. Ein av Norges største stoltheiter. Jakob har utvikla seg til å bli ein av verdas fremste atletar.
Han er eit resultat av målretta trening gjennom fleire år og ekstrem dedikasjon. Men kva om vi skulle tatt frå han gullmedaljane sine, fordi han ikkje er ein allsidig nok atlet.
Dette høyrest kanskje heilt absurd ut, men på mange måtar er det dette som vert praktisert på norske skular i dag.
Det gjev ikkje meining å frata spesialiserte atletar medaljane sine, på same måte som dagens opptakssystem til høgare utdanning ikkje gjev meining.
Utdrag
Poenggrensene på dei mest populære og prestisjefylte studiane har auka enormt mykje dei seinare åra.
La oss ta for oss medisinstudiet som eit eksempel. For å komme inn på medisinstudiet i Oslo i 2015 måtte ein ha 58.3 konkurransepoeng for å komme inn med førstegangsvitnemålet du får ut frå vidaregåande (Samordna opptak, 2015).
I 2022 måtte ein ha 62.4 (Utdanning.no, 2022). Snittet for å komme inn på akkurat same utdanninga har auka med 4.1 konkurransepoeng.
Du synast kanskje dette ikkje høyrest så mykje ut. Snittet har jo alltid vore høgt. Den skilnaden frå 58.3 til 62,4 har enormt mykje å seie for dei elevane som det gjeld.
Det er forskjellen på å sitte heime ein fredagskveld og balansere reaksjonslikningar med oksidasjonstal, eller å reise ut med vennar og skape minner.
Det er forskjellen mellom å kunne ta vare på andre delar av livet sitt eller å vere totalt opphengt i skulearbeidet.
Det kan potensielt vere avgjerande for elevar sin mentale helse. Snittet på medisinstudiet har auka såpass mykje at ingen av dagens praktiserande overlegar og kirurgar ville ha kome inn på studiet.
Betyr dette at dagens elevar er betre skikka til å praktisere medisin? Begge gruppene av studentar vil nok ha tilnærma lik forkunnskap i relaterte fag som kjemi, biologi og fysikk.
Det er nok karakterane i religion, kroppsøving og norsk som skil dei to gruppene. Er det rettferdig at ein for 7 år sidan kunne komme inn med 5arar i mindre relevante fag, medan du i dag så og sei berre kan få 6arar på vitnemålet for å vere god nok?
Legg igjen en kommentar