Innledning
Mange kan ha kjend på problematikken av å få store forandringar i livet. Novella «Monster» av Frode Grytten handlar om akkurat det.

Den er frå samlinga Bikubesong, som blei utgitt i 1999. Novella sitt motiv er ein ferjetur. Hovudpersonen har fått baby og synest det var litt ekkelt.

Utdrag
Personskildringar av kameratane til hovudpersonen viser at dei har snakka godt om det å bli far og at dei har gira han opp til å få baby. Det står skreve: «Du har kameratar som er blitt fedrar,»

Dette viser at han kan være sein med å få baby, eg vil sei at alderen hans er mellom 29 og 34.

Kameratane har mest truleg og hatt ein påverknad på avgjersla om å få baby og sjølve avgjersla kan ha vippa.

Han og kjærasten kan ha vært usikre på å få baby. Hovudpersonen er ganske usikker i denne teksten.

Miljøskildringar underbygger hovudpersonens følelse av å være aleine: «Dei andre sit nede i salongen…»

Ord som skildrar staden novella er i, viser at handlinga skjer blant anna på ei ferje: «Du tenker at du er glad for å være aleine på dekk.»

Hovudpersonen krasjar nesten, i krysset ut til riksvegen. Dette skildrar at ferjekaia er rett ved riksvegen, så ferja er mest truleg brukt av mange folk.

Det kan derfor være at ferja går mellom tettstader. Så fødselen skjedde ikkje på ein liten stad. Hovudpersonen er også på ein bensinstasjon, rett etter han nesten krasjar.

Denne novella blir fortalt gjennom personal andreperson synsvinkel. Vi kjem nærmare hovudpersonen, men han fortel med «du»;

«Du trudde at det skulle skje noko med deg, du trudde heile tida at det skulle skje noko med deg.» H

er brukar forteljaren også tankereferat, noko som gjer at vi kjem endå nærmare hovudpersonen og forstår teksten betre.

Likevel, når forteljaren skriv mykje «du» så kan det være at det blir for mykje fokus på hovudpersonen.

Det er ganske vanskeleg å skrive i den synsvinkelen som Frode Grytten har gjort.

Du må nesten ha med tankereferat på denne synsvinkelen, elles kan det bli litt vanskeleg å forstå teksten. Teksten har fleire symbol.