Innledning
«Et dukkehjem» er eit drama skriven av Henrik Ibsen og gitt ut i 1879. Teksten er språkleg modernisert og kom ut i den kritisk-realistiske perioden.

Handlinga er eit samtidsdrama. Stykket set fokus på likestilling, kjønnsrollemønster og mangel på fridom i ekteskapet.

Desse tema var svært aktuelle i den kritisk-realistiske perioden, som var ein periode der realistane kritiserte dei ulike delane av samfunnet.

Realistane viste sine eigne synspunkt i samfunnsdebatten gjennom stykka sine. « Et dukkehjem» handlar om det overflatiske ekteskapet mellom Nora og Helmer.

I byrjinga av stykket får vi eit bilete av Nora som ei «pen frue». Jobben hennar er å syte for hygge og god stemning i heimen.