Innledning
Novella «En god samvittighet» er skriven av Alexander Kielland og kom ut i 1879. Kielland var ein forfattar som sette fleire samfunnskritiske problem under debatt.

Utdraget frå novella handlar om fru Warden som vil sjå fattigdommen i byen. Teksta «Sju dagar i august» er skriven av Brit Bildøen og kom ut i 2014.

I dette utdraget møter vi Sofie som skal hente noko på kontoret til ektemannen. Der ser ho ei fattig kvinne med eit barn i fanget.

Utdrag
Tekstane er skrivne realistiske og mimetiske til verkelegheita utan å pynte på den. Forfattarane skildrar omgivnadane og gir lesaren eit klart bilete på korleis situasjonen oppstår.

Verkemiddelet kontrastar er teke i bruk i begge utdraga, dette viser kor stor forskjell det kan vera på folk.

I novella «En god samvittighet» startar teksta med ei skildring av kusken si arbeidsoppgåve, han tena fru Warden i form av å frakte henne dit ho vil. «...og da det ikke fantes innvendinger i hans munn, kjørte han dypere og dypere inn i forunderligste gater i fattigkvarteret med et ansikt som om han kjørte til hoffball».

Normalt ville dei ikkje køyrt i dei såkalla gatene i fattigkvarteret, det var meir vanleg å køyre til hoffball.

Dette viser til at fru Warden er frå overklassen og at forfattaren dreg inn noko moderne frå samtida. Vidare beskriv dei korleis gata såg ut; «For gaten ble trangere og trangere, og det så ut som om de fete hester og den fine vogn om et øyeblikk ville bli sittende fast som en propp i en flaskehals.»

Ut i frå tittelen «Sju dagar i august» kan ein tolke at handlinga går føre seg om sommaren. Den fattige kvinna blir skildra som apatisk.

«Det såg ut som ho hadde fleire skjørt utanpå kvarandre og noko som likna på ei ulljakke under sjalet.

Kanskje ho ikkje hadde meir enn det ho gjekk og stod i.» Det er ikkje vanleg å ha på seg så mykje kle ein varm månad som det står i skildringa, det kan underbyggje tanken om at ho ikkje eigde meir enn det ho gjekk og stod i.

Sofie derimot, fann to hundrelappar i ei skuff og tok med seg ein pc ut av kontoret. «...mens ho strevde med å få alt ned i sykkelveska.