Innholdsfortegnelse
Ein barsking frå Hardanger
Del B Langsvarsoppgåve - oppgåve 4
Livet går vidare
Kjelder:
Utdrag
Ein barsking frå Hardanger
Kven er Lothepus? Utdraget «Hardingen» er henta i frå biografien Lothepus – Går det til helvete, så går det til helvete.
Biografien kom ut i 2017 og vart skriven av Finn Tokvam. Tokvam bruker fleire språklege verkemidla for å skildre Lothepus.
Eit av verkemidla Tokvam brukar er gjentaking av ordet «Hardingen». Mange assosierer ordet «harding» med ein som har god arbeidsvilje og ikkje let nokon gå imot han eller hennar.
Det er også slik forfattaren vil framstille Lothepus, og ved å gjenta ordet «hardingen» så tydeleggjer det kven Lothepus er og kva han står for.
Vidare brukar forfattaren ord med negativ verdiladning. Desse orda er til dømes «jævel», «helveteskapen» og «drit».
Ordvalet til Tokvam gjer at Lothepus verkar som ein person som ikkje er redd for noko og at han tek alle utfordringar på strak arm.
Ved bruk av desse orda blir Lothepus skildra som ein barsk type som ikkje har nokon avgrensingar på språkbruket eller livet.
Eit anna verkemiddel Tokvam brukar for å skildre Lothepus er ved å skrive korte setningar, som i tillegg er skriven på lavstil.
Eit døme på det er «Eg er ein harding». Denne setninga gjer er at Lothepus ikkje blir oppfatta som ein særleg høgtideleg person.
Eit språk som dette viser også at han ikkje har utdanning innanfor eit yrke der ein krevje eit språk kor ein skrive høgstil.
I tillegg viser dei korte setningane at han ikkje er så oppteken av utsjånad og mote, men som det blir sagt i utdraget «gir fan».
Del B Langsvarsoppgåve - oppgåve 4
Livet går vidare
I 2009 blei novella «Og så kom sommeren» gitt ut av forfattaren Gro Dahle. Dahle er ein norsk forfattar og i tillegg til å gi ut noveller, har ho gitt ut ein rekke barnebøker og diktsamlingar.
I denne oppgåva skal eg gi min tolking av novella «Og så kom sommeren». Novella handlar om ein gut (hovudpersonen) som er kjærast med ei jente.
Han elskar alt med ho, og kvar kveld sender dei kvarandre meldingar om kor glad dei er i kvarandre. Plutseleg ein dag seier jenta at ho ynskjer å treffe andre gutar, og det endar med at dei sluttar å snakke saman.
Legg igjen en kommentar