Innledning
Frå 1888 til 1960 var Kongo styrt av Belgia. I 20 år heldt Kong Leopold den andre Belgia som sin personlege koloni.
I løpet av desse åra med økonomisk utnytting, maktmisbruk og direkte folkemord miste mellom fem og ti millionar menneske livet.
Kongo er eit av landa i verda som er rikast på naturresursar, men likevel har dei eit av verdens lågaste bruttonasjonalprodukt .
Kolonitida har skapt store konsekvensar, ikkje berre for Kongo, men for heile verdsøkonomien og verdsbiletet vårt.
Koloniane og kolonialisme har eksistert heilt sidan før Columbus sette fot i Amerika i 1492 . Imperialismen og den systematiske koloniseringa såg vi derimot ikkje før rundt 1870.
Omgrepet imperialisme er definert ved at ein framand stat underlegg seg eit område ved å ta fysisk kontroll med tvang og militærmakt .
Men kva var eigentleg årsakene og konsekvensane av imperialismen og kolonialismen? Korleis har imperialismen vore med å prege dagens samfunn?
Utdrag
I det europeiske samfunnet var status særs viktig, både på individnivå og på statsnivå. Å eige ein importert ananas var eit enormt statussymbol.
Det var så viktig at ein faktisk kunne leige ein ananas for ein kveld og ta den med på fest. Rivaliseringa mellom stormaktene saman med statusen knytt til kolonimaktene var kanskje ein like viktig årsak for koloniseringa som dei økonomiske motiva.
Kolonimaktene ynskja også å spreie sin eigen kultur, språket sit og religionen sin. Imperialismen som råda over verda på slutten av 1800-talet har kanskje fått dei største ringverknadene vi nokon sinne har sett.
Kolonimaktene sin søken etter meir rikdom førte i første rekke til auka handel, spreiing av teknologi og kunnskap.
Den auka kontakten vi såg mellom kontinenta på slutten av 1800-talet var på mange måtar starten på den globaliserte verda som vi lev i, i dag.
Kolonimaktene styrte samfunnet i koloniane sine på alle moglege måtar. Dei innførte sin eigen religion, sitt eige språk og sin eigen levemåte.
Men dei utvikla i liten grad infrastruktur og industri. Dei byggja riktig nok ut noko infrastruktur som jernbaner.
Jernbanelinjene kom ikkje lokalbefolkninga til nytte og gjekk berre ut til hamnene for å effektivisere eksporten av råvarer .
Belgisk Kongo er eit tydeleg og ganske skremmande døme på kva konsekvensar imperialismen fekk for dei landa som vart koloniserte, både på kort og lang sikt.
Legg igjen en kommentar