Innledning
I denne teksten har eg valt å fortelje om Anne Franks dagbok. Det er ein dagbokroman som vart skrive i perioden 1942-1944.
Boka vart skrive av tenåringsjenta Anne Frank. Den vart lagt for trykk og gitt ut etter Franks død i 1947. Dagbokromanen vart oversett til norsk i 1952.
Eg har valt denne boka fordi det er ei bok eg meiner fleire burde lese og eg ønskjer at den skal nå ut til fleire folk.
Utdrag
I denne boka blir vi kjent med tenåringsjenta Anne Frank, og får følgje ho frå ho er 13 til 15 år. Allereie som 13 åring kan ein merke at Anne Frank er ei særdeles moden jente, det er lett å sjå utifrå skrivestilen hennar, og kor reflektert ho er.
Den beste kvaliteten til Anne Frank er at ho har eit usedvanleg pågangsmot, ho gjev aldri opp. Frank har trua på at livet skal bli godt igjen og at krigen snart tek slutt.
Det er vanskeleg å forstå at ei jente som har det så tøft klarer å vere så positiv, eg trur mykje handlar om at Anne Frank er morosam og brukar humor for å ikkje grave seg ned i det negative.
Denne jenta har også eit hjarte av gull og sett alltid andre før seg sjølv. 15. oktober 1944 skreiv Anne Frank: «Det er rart jeg ikke har lagt fra meg alle idealene mine.
Jeg klamrer meg fortsatt til dem, jeg tror fortsatt at folk virkelig er gode på hjertet» (Frank, Anne. 1944.).
Dette sitatet viser Franks store hjarte, uansett kor mykje vondt ho har opplevd, og kor fæle nazistane har vore mot jødane har ho trua på det gode.
Ho ser alltid det beste i folk og trur oppriktig at alle er gode inst i hjarterota. Etter mange månadar på loftet er det lett å forstå at Anne Frank lengtar etter friheit og det å få vere åleine.
Det blir mange konfliktar på loftet, og etter som tida går får Anne Frank eit turbulent forhold til mora, Edith Frank.
Anne Frank kjenner på eit press om å vere like god som storesystera si, og tida på loftet er ikkje alltid like lett. Gjennom tida på loftet finn Anne Frank ei redning, redninga hennar er Peter Van Daan.
Legg igjen en kommentar