”Eg står her og skal slå opp med ei jente” av Rune Belsvik

Innledning
Novella ”Eg står her og skal slå opp med ei jente” høyrar til samlinga Kram snø frå 1981. Den er skrive av Rune Belsvik, som er fødd i 1956, og har fått flest prisar for barne- og ungdomsbøkene sine.

Novella er ei av dei typiske verka til forfattaren, fordi den tematiserar vanskane og utfordringane ein gut i ungdomstida blir utsett for.

Gjennom tankane hovudpersonen har når han forbered seg på å slå opp med ei jente, kjem det godt fram kva novella handlar om. Kjærleiksbrot og utfordringar er grunntanken i teksten, dei konkrete tema.

Motivet er forholdsvis at ein gut i ungdomsåra forbered seg på å brote forholdet med ei jente fordi han har mista følelsane for henne.

Men seinare i teksten blir tankane hans snudd og med eitt tvilar han på om det er det rette. I denne tolkinga skal det greiast fram om kva verkemiddel forfattaren har lagt mest vekt på, korleis komposisjonen er, og på kva måte han får fram handlingane på.

Utdrag
Vidare i novella utviklast tankegangen til Svein seg til hat. Belsvik skildrar direkte om kva hovudpersonen verkeleg meinar om ho, minutta før han har tenkt å brote på forholdet. ”Det er mest som eg hatar henne no. [...] Eg hatar den tronge dongeribuksa som lyg så innihelsikken om kva som er under.”

Alt som han har sagt til no stemmer med dette utsagnet. Tidligare i teksten, då han tenkar tilbake på kva han syntest om ho før ho hadde vorte ”oppbrukt”, peikar fram på denne tanken.

Setningane, ”Og så var ho så fin. Noko mjukt, godt ved heile henne.”, står i sterk kontrast til det han no meinar. ”Det er liksom ingen vits i noko meir.

Så i dag slår eg altså opp med henne.” Han har ei problemstilling som han er sikker på skal løysast, og ser ingen annan utveg enn å slå opp. Forfattaren oppnår dermed å få guten til å virke motsatt av det han sjølv påstår å vere - tøff.

Heller opptrer han meir som ei pyse som ikkje gidd å prøve andre metodar for å løyse problema. Denne sida av han blir understreka i siste del av teksten, kvar Belsvik skiftar på tankane og vesenet til guten. Svein er derfor dynamisk fordi han forandrar seg etterkvart som historia blir fortalt.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter