Årets nyord | Oppgave

Innledning
Kvart einaste år her i det vesle landet vårt vert det arrangert ein konkurranse som i auga mine er utruleg spennande, og nei eg snakkar ikkje konkurransen kor det er om å gjere å stappe i seg flest wienerpølser eller å springe ned ein skråning etter ein trillande ost.

Nei, eg snakkar nemleg om ein konkurranse som i stor grad er mykje meir spennande, og som naturlegvis har fått eit endå meir spennande namn:

De skjøner nok nå at eg pratar om konkurransen “Årets nyord.” Ein konkurranse som i all beskjedenheit handlar om å vise heile verda, eller i alle fall Noreg, kor rikt og i god stand norsk er til å “lage” nye og gode ord.

Utdrag
Feil eller ikkje, trass at “koronaen” er eit utruleg kjedeleg og uhyggeleg ord for dei fleste av oss, så er det vel ikkje å leggje under ein stein at det mest kjedelege nyordet i verda, kanskje fungerer som verda sitt beste nyord.

Ein kan vel sei at det fungerer som ein summeringsmaskin for heile dette Covid-19 hysteriet. For det er jo slik at om ein høyre ordet “koronaen”, så tenkjer ein ikkje brått på Corona ølet som i mange år har vore på marknaden og som folk i starten av pandemien lo seg skratt ihjel av.

Ein tenkjer jo åpenbart på desse søringane som satt innelåst oppe i Nord- Noreg, ein tenkjer på den absurde kjensla av å få bot dersom ein skulle vere så uheldig å hoste, og ikkje minst tenkjer ein på den valdsame krigen som tydelegvis skal ha oppstått mellom hyttenaboane, om eg ikkje tek heilt feil.

Ordet “koronaen” har til og med fått ein så stor sjargong i det norske språket at det til og med har vorte lansert ein heilt eigen korona ordbok. Ein heilt eigen bok stappfull av negativ energi.

Slik eg ser det er jo dette heilt fantastisk, fantastisk i den grad at det opnar heilt nye dører. For kven i all verda ønskjer ikkje å setje seg ned føre peisa, byte ut all brus og annan fredagskos og i staden for finne fram den fantastiske sprudlande ordboka og pugga litt omgrep?

For ikkje å gløyma at ein deretter må som kvar og ein nordmann i dette landet ta på seg korona politiuniforma og sprada rundt med kunnskapen sin når ein dagen etter møte venene sine på butikken, så klart med ein meter avstand. Svaret må jo berre vere openbert, alle saman!

Bytt til nytt Last opp en av dine oppgaver, og få tilgang til denne oppgaven
  • Oppgaven blir kvalitetssjekket
  • Vent i opptil 1 time
  • 1 nedlastning
  • Minst 5 i karakter
Premium Fast lav pris pr. måned Få tilgang nå