Innholdsfortegnelse
Del A: Ein Stormande Forelsking
Del B
Oppgåve 1: Typisk Norsk å Vere Oppteken Av Kva Som Er Typisk Norsk
- Kjeldeliste
Utdrag
«Vil du ha meg? (Sandra)» er eit utdrag frå romanen Vi ses i morgen av Tore Renberg, utgitt i 2013. Utdraget handlar om Sandra, ei ung jente på 15 år, som er svært forelska.
Forfattaren har brukt fleire ulike verkemidla for å beskrive alle dei stormande kjenslene som følgjer med ein slik tenåringsforelsking.
Teksten startar med «Er jeg en storm? Er jeg elektrisk?». Her har forfattaren brukt metaforar for å få fram kor sterke og intense Sandra sine kjensler er for guten ho er forelska i.
Vidare har forfattaren brukt mange kontrastar i utdraget. «Varme og redsel» og «farlig og herlig» er kontrastar som får fram store motsetningar i kjenslene hennar.
Sandra er midt i tenåra der kroppen er full av hormona, og humøret går opp og ned like fort som ei sprettball sprett opp og ned.
«Hun føler seg svak, hun føler seg sterk,» får fram at ho lèt guten ho er forelska i styre kjenslene og sjølvkjensla hennar.
Når han gjer ho oppmerksemd føler ho seg sterk, varm og glad, men når han ikkje gjer ho oppmerksemd, føler ho seg svak, engsteleg og uønskt.
Kjenslene hennar blir skildra som «et fremmed regn der inne». Dette er eit symbol som framheve dei intense og heftige svingingane i kjenslene og hovudet hennar.
Det er ingen tvil om at dette utdraget handlar om ei intens tenåringsforelsking, og alle dei stormande kjenslene som høyrer til. Forfattaren har fått fram dette ved å bruke blant anna metaforar, kontrastar og symbola.
---
Noreg blei først ein sjølvstendig nasjon med eigen grunnlov i 1814. Da blei vi lausrive frå Danmark etter å ha vore i ein underlagt union med dei i over 400 år.
Vi hadde ikkje noko eige språk eller eige identitet på denne tida, og det ble difor svært viktig å løfte fram det særeigne norske, og skape oss ein nasjonal identitet.
Nasjonalromantikken fekk stor betydning, og nasjonsbygging blei sentralt. Bonden og naturen blei særleg løfta fram, og blei eit viktig symbol på det norske.
Forholdet mellom menneska og naturen var viktig, og hang saman med at ein meinte at naturen hadde ånd. «Brudeferd i Hardanger» er eit måleri av Adolph Tidemand og Johan Gude.
Legg igjen en kommentar