Innledning
”Tung tids tale” vart skrive etter andre verdskrig av diktaren Halldis Moren Vesaas. Det blei gitt ut i en diktsamling med det same namnet i 1945. Det er tydeleg at diktet er skrive med utgangspunkt i tradisjonell diktform på grunn av bruken av enderim og regelmessige strofer.

Utdrag
Diktet er skrive til folk som har det godt og er lykkelege om korleis dei burde hjelpe og oppføre seg mot dei som ikkje har det like godt.

Bodskapet kommer fram veldig enkelt utan bruk av mykje metaforar og symbola. Diktaren prøver å formidle at du må tenkje på andre framfor deg sjølv, om du er lykkeleg er det din plikt å hjelpe andre. ”Eig du lykka så er ho ikkje lenger berre di.”

Sjølv om diktet kan relaterast til tidløyse og meir generelle tema som eg tidelegere har nemnt, kan ein ikkje sjå vekk ifrå dei tidsaktuelle hendelsene og temaa.

Eit anna veldig viktig tema er korleis ein skulle oppføre seg i tida etter andre verdskrig, ein oppfordring om korleis enkelmenneske burde hjelpe til med det dei hadde, lykke, trygghet og varme. kva enn det måtte være dei kunne bidra med i den krevjande tida.