Innledning
Diktet «Hentet» er skrevet av Johann Grip, og er frå diktsamlinga Enkle dikt som blei utgitt i 2003. Motivet i diktet er barn som blir henta i barnehagen, og det meir underliggande temaet er liv og død.
Eit sentralt verkemiddel i diktet er bruken av fri form. Fri form er når strofene ikkje inneheld like mange verselinjer. I diktet har dei fleste strofene to verselinjer, men det er to strofer som skild seg ut.
Den eine av desse har fire verselinjer. Fordi det ikkje er nokon linjeskift blir det ingen pausar frå det augeblikket som er skildra i strofa, det går i eitt.
Utdrag
Å bli henta er brukt som ein personifikasjon av døden. Døden er eit abstrakt omgrep, og det blir menneskeleggjort ved å bruke personifikasjon.
Å bli henta er at ein blir tatt med frå ein stad til ein annan. Ein kan sjå på døden som at ein blir henta, tatt med frå livet her på jorda til noko ukjent. Det forfattaren oppnår med å bruke dette verkemiddelet, er at lesaren får eit bilete av døden.
Legg igjen en kommentar