Tolking | ”Som insektets stikk i muslingen (avler fornærmelser kun perler i mitt hjerte)”

Innledning
Gunnhild Øyehaug ga i 1994 ut samlinga Saftboblar. Der finn vi novella ”Som insektets stikk i muslingen (avler fornærmelser kun perler i mitt hjerte)”. Tittelen er eit sitat frå Henrik Wergeland sitt dikt ”Mig selv” og er sjølve bodskapen i novella.

Teksten handlar om ei jente som får urealistiske førestellingar om seg sjølv presentert frå ein beundrar. Motivet er eit møte mellom to personer som har ei uventa vending, iallfall for den eine personen.

Teksten bygger på kontrastar, som er det mest sentrale verkemiddelet.

Temaet kjem dermed fram gjennom dette verkemiddelet. Dette kjem tolkinga til å gå mest innpå, men også andre brukte verkemiddel, og kvifor det kan tolkas slik.

Utdrag
Handlinga tek føre seg i - beskriven av den eine hovudpersonen - ei ”kulturell øydemark” kvar ei jente ventar på ein postmann som ho har ein viss interesse for. Namnet hans er Harry og interessa hans for jenta, Solveig, er betydeleg større enn for ho.

Tankane til Harry blir beskrivne gjennom heile teksten, heilt frå første avsnitt til møtet hans med Solveig. Det same blir gjort med tankane hennar, og lesaren får dermed eit godt innsyn i kva type personar dei er.

Handlinga blir altså fortalt i 3. persons-vinkel, kvar forteljaren har innsyn i tankane til dei to hovudpersonane. Handlingane til Harry og Solveig føretek seg parallelt heilt til dei møtes.

Ho sit og ventar på denne postmannen, medan han er på veg til det øyde huset hennar. Alt blir fortalt kronologisk, slik at alle hendingane med betyding forteljas i rekkefølgja det hender i.

Novella bygger derfor opp ei stigande spenning når møtet mellom Harry og Solveig nærmar seg. Når spenninga når høgdepunktet, kjem det eit vendepunkt for dei involverte personane.

Dette vendepunktet vil bli beskriven seinare i tolkinga.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter