Innledning
Gunnhild Øyehaug ga i 1994 ut samlinga Saftboblar. Der finn vi novella ”Som insektets stikk i muslingen (avler fornærmelser kun perler i mitt hjerte)”.
Tittelen er eit sitat frå Henrik Wergeland sitt dikt ”Mig selv” og er sjølve bodskapen i novella. Teksten handlar om ei jente som får urealistiske førestellingar om seg sjølv presentert frå ein beundrar.
Motivet er eit møte mellom to personer som har ei uventa vending, iallfall for den eine personen. Teksten bygger på kontrastar, som er det mest sentrale verkemiddelet.
Temaet kjem dermed fram gjennom dette verkemiddelet. Dette kjem tolkinga til å gå mest innpå, men også andre brukte verkemiddel, og kvifor det kan tolkas slik.
Utdrag
Novella startar med ei innleiing kvar hovudpersonane, Harry og Solveig, blir presentert.
Solveig blir skildra frå tankane til Harry som ei typisk fager jente: ”Solveig med det fagre, lyse håret, Solveig med dei milde, blå augo og Solveig med smilet...”.
Harry sin utsjånad blir ikkje beskriven før seinare i novella, fordi det er først då Solveig treff han på nært hald.
Forfattaren har valt å starte novella med skildring for å gje lesaren eit bilete av personane, men som seinare i teksten endrar seg.
Ettersom miljøet Solveig bur i, får vi inntrykket av at ho er eit naturmenneske som ikkje likar diskotek, som Harry trur.
Men tvert om, etter vidare lesing får vi vite at ho avskyr øydemarka ho bur i og lengtar etter dansegolvet.
Ho verker dermed ikkje prega av miljøet, men er heller ein kontrast til den.
”Ho sat ved vindauget. Tende ein røyk, kika på klokka, dikta sørgjeflorlange banneremser for å ha noko å gjere på medan ho venta på postmannen”.
Ho mislikar staden hu bur på, som er midt i norsk natur, med fjell og grønt gras.
”Her finst ikkje så mykje som eit dansegolv i mils omkrins, endå mindre eit diskotek.
Og kva var meininga med livet om det ikkje var å gå på diskotek?” Dette er ein stor og tydeleg kontrast til korleis Harry (postmannen) ser føre seg ho.
Han ser føre seg at Solveig sikkert var eit naturbarn med det namnet ho har, som smakar av sol og modne molter. ”[…] han tenkte samtidig at han ikkje kunne forstå dei som valde diskotek framfor ein tur i naturen”.
Nøyaktig det motsette som Solveig sine tankar dreier seg om.
Dette varslar om noko som vil hende seinare, mest sannsynleg under det framtidige møtet til desse to personane.
Legg igjen en kommentar