Innledning
Moder jord. Eg kan ikkje førestille ei verd utan deg. Med tida har vi menneske utvikla ein medfødt kjærleik til natur.
Likevel kvar dag som går ser eg korleis vi menneske øydelegg det finaste vi har på denne jorda, nemleg naturen.
Utdrag
Sjølv om naturen er det finaste vi menneske har på denne jorda, så gjorde industrialiseringa noko med oss individa.
Natura vart også brukt i denne utviklingsperioda. Vi byrja å utnytte naturens ressursar og energi for å skape rikdom.
Eg ser at industrialiseringa gjorde mykje godt for oss. Men det er som om vi har fått ein avhengigheit i å fortsette med denne utviklinga.
Nesten som ein slags avhengigheit som kan samanliknast med ein form for rusmiddel? Sjølvsagd, utvikling er utruleg viktig i en fungerande verd, men kanskje ikkje i ein hastigheit som lyset.
Ordet rikdom er et nykelord. Er det slik at rikdom fungerer som ein slags energibombe for oss?
At lysten aukar, desto meir økonomisk stabilitet som ramlar inn? For det verkar nesten slik. Oljefond, oljepengar, klimagassar og CO2 utslepp.
Alt heng saman i ein vond sirkel. Det verste av alt er at dette er menneskeskapt. Man visste jo ikkje før korleis dette ville påverke klimaet vårt i framtida.
No som vi veit, så står vi her som nokon spørjeteikn, som ikkje veit kva ein skal gjere. Konsekvensar verkar som eit usynleg ord for oss. Ein må jo tenke konsekvensar før handlinga.
Men det er ofte lettare sagt enn gjort, noko som er bevist med tanken på den no verande klimakrisa. Fleire og fleire blir sittande igjen med eit spørsmål, kva skal vi gjere?.
Vi veit ikkje heilt sikkert kva tiltak som må til for å forbetre klimakrisa, det er viktig å sjå tilbake på det som er naturleg for oss. Om det er ein film som vi menneske kan kjenne oss igjen i, så er det ‘’The biggest little farm.’’
I filmen ser vi at eit ektepar tek for seg å prøve å gjenopplive eit jordbruksområde, som manglar liv i seg, gjennom biologisk mangfald. Eg stile meg spørsmålet ‘’kva elskar denne filma.?’’
Legg igjen en kommentar