Innledning
Mennene i bakarste rad var alltid der. Dei hadde på seg svarte dressar og solbriller som gav eit falskt intrykk av autoritet og makt. Solbrillene var alltid heilt mørke, men eg visste at dei såg på meg.

Andletsuttrykket deira var alltid det same, dei smilte aldri. Kvart sekund kunne eg føla auga følgja meg og pusten dykkar i nakken min. Kvar einaste ting eg gjorde måtte dei dømma og kvara val eg tok måtte dei vurdera.

Utdrag
Men kvar gong dei vinn, kjem dei tilbake sterkare. Sjølv om eg veit dette, er det verd det. Eg hadde gitt kva som helst for ein bel med fred kor eg ikkje kunne føla dei rundt meg.

Når eg er heilt åleine er eg i kontroll, då kan eg få ting gjort. Men det varte aldri lenge før dei kom tilbake og terroriserte meg igjen. Eg visste at det ikkje var noko galne med tinga eg gjorde. Men det brydde ikkje dei seg om, fordi eg var ein og dei var mange.

Eg hadde feil og dei hadde rett. Sjølv om eg visste at det ikkje var sanninga hadde eg ikkje kontroll over det, og det var ikkje ein kamp eg ikkje klarte å vinna. Det var aldri nokon andre som la merke til dei, folk sa bare at eg var stresset eller gal.