Innledning
Det er 137 år sidan ei kvinne i Noreg først kritiserte korleis kvinner blei behandla i samfunnet. Sidan da har mange gjort det same.
Korleis har posisjonen til kvinna forandra seg sidan 1885? I denne teksten skal eit utdrag frå Camilla Collets Amtmandens Døttre (1884/85) samanliknast med eit utdrag frå Makta (2021) av Heidi Fures.
Dette er to tekstar som tar for seg nokså like tema, på litt ulike måtar. Begge tekstane er fiksjon, men fortel historier som kunne vore ekte i si tid.
Motivet i Amtmandens Døttre er Sofie som tenker tilbake på da søstrene hennar vart gift, noko som påverka henne svært.
Makta tar for seg karakteren Liv. Ho plagast mykje av valdtekta ho opplevde da ho var yngre. Eit minne som kom tilbake i stor grad da ho fekk barn.
Utdrag
Liv kan ikkje leve livet sitt heilt som før. Ho slit med å sove, slutta å sove på ryggen og slutta å ta t-bane.
På eit vis kan ein seie at ho er fanga. Det er ikkje like openberre som å vere fanga i eit arrangert ekteskap, som kan forklare kvifor ho til dels undertrykker følelsane sine.
Ho har framleis fridommen til å gjere alt ho ønsker, men mint om valdtekta forsvinn ikkje. Liv verkar håplaus, men drar likevel til psykolog. Sofie har ingen spesialist å dra til.
Alt ho har er eit håp om noko guddommeleg: «Jeg trodde bestandig at himmelen ville la skje et underverk for å forhindre det». Her skjer trekk frå romantikken gjennom.
Amtmandens Døttre vart skrive under den poetiske realismen. Det var ein epoke mellom romantikken og realismen, som var prega av realistisk innhald og romantisk skrivemåte.
Realismen var ei tid for å fremme dei gruppene i samfunnet som tidlegare ikkje vart høyrt, som i dette tilfellet er kvinner.
Amtmandens Døttre var den aller første samfunnskritiske teksten som vart skriven på norsk, og var svært revolusjonær for si tid.
Den fortel noko som kunne vore ekte, som var vanleg i realismen, men har også preg av romantikken. Dette blir mellom anna vist i korleis Collett skildrar følelsar og refererer til det guddommelege.
Frå da til 2021 har mange kritisert samfunnet, og mykje har skjedd med det. Undertrykkinga av kvinner er mindre direkte i Noreg no enn det var da.
Legg igjen en kommentar