Innledning
Kva er viktigast familie eller draum? Henrik Ibsen og Erik Poppe setter begge dette spørsmålet i sentrum i sine historia.

I Ibsen sitt drama «Et dukkehjem» frå år 1879, finn vi Nora som gjer noko heilt utenkjeleg. Ho forlat hennar mann og barn.

I Poppes film «Tusen ganger god natt» frå år 2013, møter vi Rebecca. Ho er ein av verdas beste krigsfotografar, men tar hennar jobb for mykje plass? Både Rebecca og Nora tek vanskelege val, men kan dykkar val forsvarast?

Utdrag
Torvald liker å ha kontroll og det virke som om han også prøver å halde familien samla. Han er ein forretningsmann og er svært oppteken av rykte sitt.

Torvald står frem som ganske sjølvoppteken, eit eksempel er når han seier til Nora; «Men det er ingen, som ofrar sin ære for den man elskar». Sjølv om han elska Nora, var det han sjølv han elska mest.

Eit tema som begge historia tar for seg er vala ei kvinne må ta i forhold til sine barn og ektemenn. Både Rebecca og Nora forlat sin nærmaste familie.

Kjønnsrollar er dermed noko både Ibsen og Poppe tar for seg i sine historia. Kven har størst ansvar for familien, og er det fortsatt slik at kvinnen må holde seg heime og passa på barna?

I filmen «Tusen ganger god natt» prøver Poppe å få frem korelis kvinner i dagens tid i større grad kan realisere sine drømmer knyttet til yrker og jobb.

Før i tida kunne ikkje kvinner jobbe, dei måtte sitje heime og passe på barna. I «tusen ganger god natt» er det Marcus som tek vare på ungane, og ungane forventar dermed meir av sin far.

I filmen kan ein for eksempel sjå at det i hovudsak er Markus som lagar mat og hentar ungane frå skolen. Dei «vanlege» rollane er annleis i familien til Marcus og Rebecca.

Marcus passar barn, mens Rebecca er ute og jobbar. Nora frå «Et dukkehjem» lever motsett av Rebecca.

Ho kan ikkje gjere slik ho vil og må alltid gjere det Torvald seier, ho passer barna og vaskar huset. Nora kan rett og slett drøyme om å tjene sine eigene pengar.

På dette punktet er Rebecca og Nora ganske forskjellige. Rebecca for å større grad muligheita til å følgje drømmen sin, mens Nora blir offeret for mennenes makt.