Kunsten å myrde | Cora Sandel | Analyse

SM2 Langsvar Realisme – Det harde andletet til realismen

Innledning
Den realistiske framstillingsmåten fokuserer på at miljø, karakterar og hendingar skal framstillast sannferdige og røyndomsnære. Kunsten å myrde er ei realistisk novelle som vart skrive av Cora Sandel på 1900-talet.

Novella handlar om korleis sosiale og økonomiske vanskar skapar skam og konsekvensane det kan medføra. Novella, Jeg er vel ikke spedalsk heller, tilhøyrar realismen, men vart skrive i nyare tid.

Forfattaren Per Petterson skriv òg om sosiale og økonomiske vanskar i novella si. I denne teksta skal eg samanlikne forman og innhaldet i dei to tekstane og plassera dei i ein kulturhistorisk samanheng.

Utdrag
I realistiske tekstar nyttar ein ofte ein autoral og allvitande synsvinkel for å få eit avstandsperspektiv på hendingane, slik at dei oppfattast sannferdige og ikkje som personlege standpunkt.

I Kunsten å myrde har forfattaren gått vekk ifrå den typiske realistiske forteljemåten; ho nyttar ein personal forteljar, kor lesaren ser historia frå madammas perspektiv, «Da snur Francine litt på hodet og ser på meg med et lite, halvt smil, som fant hun meg mer lovlig naiv: «Hun etterlot seg da en gutt, hun også, madame. Han er fem år.»» (Sandel, 1935).

Den personale forteljarmåten gjer at laseren tek del i historia og kan sjå karakterane og handlingane gjennom eg-personen sine auge. Jeg er vel ikke spedalsk heller har ein forteljarmåte som er meir typisk for realismen; forfattaren nyttar ein refererande synsvinkel fortalt i 3. person, slik at laseren ikkje tek direkte del i handlinga.

I likskap med Kunsten å myrde uttrykkast hendingane gjennom ein tilnærma personal synsvinkel, kor ein følgar eit bestemt perspektiv gjennom novella, «[…] og når det gjelder magan så er det bare en ting som er feil med den, sa fattern […] det er noe alle veit og det visste Arvid også.» (Petterson, 2010). T

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter