Innledning
«Må du gå no altså, du kan overnatte?»

«Trur ikkje eg kan det, har noko viktig eg skal i morgon tidleg, seier eg sjølvom eg har lyst.

«Ja greitt då, ein annan gong då.»

Eg dekker til fjeset mitt i det eg går ut døra, spring raskt ned trappa. Klokka er 23 og eg må eigentleg heim og ta dagens siste bønn, eg ser ned på mobilen.

«Aisha!»
Faen, tenker eg sjølv om eg eigentleg heller ikkje kan banne.

Eg ser til sida og ser ein god familievenn av foreldra mine, ho pleier å vera på besøk nokon gonger.

Nei! Mannen hennar! Han er ein av dei mest truande eg veit om. Han kjem garantert til å seia til pappa at eg er ute så seint.

Utdrag
Eg merkar at pulsen stig litt, og eg blir oppgitt. Martine sender Emilie eit oppgitt blikk, Sara som også var der berre så spørrande på meg.

Eg orkar ikkje gjera noko greie ut av det men berre sa at eg kunne gjera kva eg ville sjølvom det ikkje eigentleg stemmer.

«Kva har dokker gjort då? Seie eg.»

«Vi var hos ein kompis av Sara, seie Martine.»

«Uuu, seie eg. Vart det noko drikke eller?»

«Nææ, ikkje denne gongen, men det skal bli digg å bli 18 ass, kjøpe sin eiga drikke og sånn, seier Sara.»

«Eg må av her eg, men vi chattes då, seier eg og gir ein klem til dei.» Eg er så lei av sånne kommentarar heile tida på kva eg får lov til og ikkje, sjølv om eg skjønner at dei lurer.