Innholdsfortegnelse
Janteloven I Dag
Anti Janteloven
Utdrag
I dette avsnittet skal vi sjå på fordeler og ulemper med «Janteloven» i dagens samfunn, og korleis han kan bli oppfatta. Gjeld janteloven stadig? Eller er den døden?
I dagens samfunn kjenner spesielt ungdommen på kvar vellykka og perfekte dei skal vera på alle punkt i livet.
Dei skal få gode karakterar på skulen, vera veltrente med perfekt utsjånaden, vera ein god venn, familiemedlem og kjærast, ha ei god utdanning, vera god i ein idrett eller hobby osb. Janteloven passar dårleg inn i eit slikt samfunn.
I media får vi høyra at unge jenter i dagens samfunn kjenner seg så pressa til å prestera på alle område i livet at dei blir deprimerte.
Har dette å gjera med at janteloven stadig vekk gjeld i dag? Eller kunne vi treng å leva litt meir etter janteloven?
Treng dei som har mange timars hardt arbeid bak seg på treningssenteret å bli mint på at dei faktisk ikkje er betre eller meir verd enn dei med «muffinmage»?
Det er likevel viktig at ingen av ytterpunkta skal få mindreverdskompleks, noko ei slik lov kan gi om ein ikkje føler ein høyrer til fellesskapet.
Om ein brukar janteloven i dagens samfunn, vil sjølvtilliten då få seg ein knekk hos ungdommen? Det er oftast ungar med dårleg sjølvtillit som mobbar, så kanskje kunne ein jantelov gjort mobbere endå verre.
Med dette i bakhovudet burde janteloven kanskje bli bannlyst, slik at ingen trong å mobba for å heva seg sjølv.
Trur du ein jantelov kunne gjort ting verre? Kva lov trur du eventuelt må erstatta janteloven om målet er at færre mobbar?
Legg igjen en kommentar