Eventyrleg oppussing i eit eventyrleg Noreg

Innledning
Fall vi nordmenn verkeleg for reklamar som vi sjølv veit at er urealistiske? Når dei berre viser idealbiletet og ikkje pisseveret eller vinden som bles oss av føtene våre.

Det er i alle fall dette idealbiletet TV3 vis frem i deira reklame for programmet ‘’Eventyrleg oppussing’’. TV3, som ein av dei største nordiske TV-kanalane, må jo ha nordisk innhald, og ettersom akkurat denne er retta mot oss nordmenn må den jo vera typisk norsk.

Innhold
Utsjåande
Kva speler den på?
Biletet
AIDAS

Utdrag
Dette biletet er eit totalt bilete, då forgrunnen er mannen og biletet ikkje strekker seg så langt horisontalt sett. Mannen er forgrunnen fordi han står veldig mye nærmare kameraet enn noko av det andre man kan sjå, som til døme hytta, som er mellomgrunnen. Bakgrunnen strekk seg vekk frå sjåaren i ein nydeleg fjord, som er neit syn så og sei alle nordmenn kunne kjent igjen.

Normalperspektivet biletet er i gjer at biletet får ein roleg følelse utan nokre valdsamme følingar man elles kunne fått av til døme froskeperspektiv, som kunne fått oss til å føle oss underlegne.

Man føler i normalperspektivet at man er med i handlinga, spesielt med tanke på at mannen ser mot kameraet og ser ut som at han venter på kameraet, eller sjåaren.

Då linjene i dette biletet er vertikale får det ein effekt av styrke og energi. Dei vil kanskje også vise til at Noreg er eit land fylt med verdigheit og kraft, og at dette er ein grunn til at dei opphald seg i ein fjord.

Når ein er på botn av ein fjord får man som regel ein litt underverdig følelse, men dette har dei gått imot i denne annonsen, då det ser meir idyllisk enn kraftig ut.

Det gylne snitt blir tatt i bruk ved at mannen ikkje står heilt i sentrum av biletet, men heller litt til sida, som om han har flytta seg for at sjåaren skal kunne sjå utsikta. Det at han står til sida blir balansert ut med hytta på andre sida av sentrum. I tillegg forsvinn fjorden så og sei i midten av biletet, som gjer at det følast ganske langt innover.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter