Innledning
Foreldre er dei som gjerne står deg nærast, og dei som har ansvar for å gje deg omtanke og omsorg fram til du er myndig. Det er også dei du gjerne arvar din personlegdom og utsjånad frå, både på godt og vondt.

Men kva om det du huskar frå faren din er overgrep, fråvær og alkoholmisbruk, og det du arvar frå han er ting du ynskjer å fortrengje frå ein tøff barndom? Er det da mogleg å lausrive seg heilt frå foreldras makt og desse forutbestemmingane?

Stykket Gengangere, skrive av Henrik Ibsen i 1881, handlar i stor grad om forholdet mellom foreldre og barn.

Kammerherre Alving var ein mann som hadde alvorlege problem med å takle sitt dårlege forhold til alkohol og å kontrollere sine lystar.

Innholdsfortegnelse
Oppgåve 2: Er Det Mogleg å Lausrive Seg Frå Fortidas Makt?
Bibliografi

Utdrag
Osvald om ein gang han blei tvinga til å røyke pipa til faren. Dette kan vere ein metafor. Osvald kan også ha arva personlegdomstrekk frå faren og behovet hans for seksualliv.

Han kan derfor ha pådrege seg det sjølv, men med ein viss samanheng med arv frå faren sin. Osvald kan også ha blitt påverke av miljøet han vakse opp i med den underlege åtferda til faren.

Det er i alle fall sikkert og visst at kjønnssjukdommen er noko han har arva frå faren sin, enten gjennom arv eller miljø.

Dette er eit godt døme på at det er vanskeleg å lausrive seg frå foreldras makt. I tidsepoken naturalismen, som stykket er skrive under, var dette med determinisme og forutbestemming eit sentralt tema.

Mennesket blei født utan fri vilje inn i ein omgjevnad som bestemte for oss. Ein ser at Ibsen er sterkt prega av desse tankane.

Dette er mine gamle dager er skrive av Tore Renberg i 2011. Denne teksten handlar også om forholdet mellom foreldre og barn, og korleis makta til foreldra og deira fortid hengjer igjen.

Jarle Klepp er hovudpersonen i romanen og har vekse opp i ein dysfunksjonell familie med ein alkoholisert far. No har han sjølv blitt far, og ser på faren med nye auge.

Det er tydeleg at hovudpersonen heller ikkje kjente faren sin spesielt godt, og at dei ikkje hadde et godt forhold.