Ei heksegryte av rasistiske kommentarar

Innledning
Dette skriv Camara Lundestad Joof i boka si «Eg snakkar om det heile tida». Ho set gjennom boka ord på den kvardagsrasismen mange trur ikkje finst, men som ho opplever kvar einaste dag.

Om ho hadde fått det slik ho ville, hadde ho slutta å prate om rasisme for lenge sidan. Joof vil mykje heller skrive om vampyrar i verdsrommet.

Dette må enn så lenge vente medan ho retter merksemda vår mot røyndomen, slik den har forma henne.

Boka skildrar, gjennom ei rekkje historier og refleksjonar, hennar eige liv og korleis rasismen har infisert kvardagen og tankane hennar.

Utdrag
Joof trekkjer fram graverande einskildepisodar, men også gjentakande hendingar. På denne måten får lesaren innblikk i kvifor ho gruer seg til daglege aktivitetar.

Ho fortel om fleire gonger ho har låst sykkelen, og har blitt slått på rumpa medan ho bøyer seg ned. Dette har ført til at Joof framleis intuitivt trekker til seg rumpa når ho låser sykkelen.

Eg sitt på Gardemoen, skal med fly til Helsingfors for å halde foredrag. Dama bak skranken seier det er priority boarding, og at dei som har det, kan gå først på flyet.

Eg reiser meg og går bort til scannaren. Ein mann i dress tar meg på skuldra og seier: Unnskyld, men no er det dei på første klasse som får sjekke inn først. Ja, seier eg. Og ser på han. (Joof, 2018, s. 54)

Gjennom ein myriade av rasistiske kommentarar, opplevingar og hendingar gjennom åra, har det hopa seg opp og skapt eit sinne hjå Joof.

Ho har blitt ei sint kvinne. Joof kjenner på eit enormt behov for å snakke om det. Ho snakkar om det heile tida, som ho sjølv seier, men ho kjenner også på redsel.

Ho er redd for at det ho skriv ikkje skal gå inn på den som les og at lesarane ikkje skal tru på det ho skriv. «Eg snakkar om det heile tida» er ei lita bok med eit stort og viktig innhald.

Boka er eit vitnemål om ein kvardagsrasisme som mange av oss ikkje vil innrømme at skjer i det moderne Noreg.