Innledning
Ingen andre problem i idrett er blitt så mykje snakka om som dopingproblemet. Enten me snakkar om debatten i media, blant fag personar eller blant vanlege folk.
Dopings problemet har vert ein del av idrett gjennom heile idrettens historie, frå gresk idrett til europeiske symjarar og syklistar på slutten av 1800-talet og fram til den internasjonale toppidretten på 1980-talet.
Utdrag
Historikarar har vist at idrettsutøvarar i antikken brukte det mange meinte var kunstige metodar for å nå sine idrettslege mål.
Dei gjekk visstnok på ekstreme kjøtdiettar og åt spesielle urter og planter. Me kjenner også til historier frå den nordiske mellomalderen om berserkane, vikingar som åt flugesopp som gav hallusinasjonar.
Berserkane opplevde seg sjølv som uovervinnelege i strid. I Sør- Amerika og Afrika har den prestasjonsfremjande verknaden av enkelte planter som inneheld kokain, har også vert kjent i fleire hundreår.
Frå 1930-åra blei bruken av prestasjonsfremjande stoff meir og meir bevisst og systematisk. Grunnen var at kjemikarane var i stand til å framstille sentralstimulerande stoff, til dømes amfetamin, i laboratoriet.
I utgangspunktet var stoffa brukt i medisinske og militære samanhengar. Men preparat var også utprøvd i idretten. Noko som førte fram til at bruken av prestasjonsfremjande i idretten auka kraftig frå midten av 1950-åra.
Toppidretten blei viktigare og viktigare underhaldningsprodukt. Fleire og fleire var villige til å ta kontroversielle og farlege middel i bruk for å nå måla sine.
Sidan 1999 har me hatt ei globalt byrå, uavhengig av idrettsorganisasjonane, som har ansvaret for antidobingarbeid over heile verda, World Anti-Doping Agency (WADA).
WADA gir ut og reviderer heile tida lista over ulovlege middel og metodar. Etter WADA skal eit middel eller ein metode vurderast for dopinglista dersom middelet eller metoden oppfyller minst 2 av desse 3 kriteria:
- Bruk av middelet eller metoden er dokumentert prestasjonsfremjande.
- Bruk av middelet eller metoden inneber ein dokumentert helserisiko
- Bruk av middelet eller metoden strir mot verdiane i idretten.
I dag har me ein del prestasjonsfremjande middel som me deler inn i klassar:
- Anabole stoff og hormonpreparat, som byggjer opp muskulatur og stimulerer evna i kroppen til å frakte oksygen
- Såkalla beta2-antagonistar, som aukar lungekapasiteten
Legg igjen en kommentar