Innledning
I annonsen «Det handler om å bry seg» av EiendomsMegler1, har Runar Bjørkelund som er fotballtrenar og eigedomsmeklar for EiendomsMegler1, uttalt seg om kvifor han synes det er viktig å bry seg, og at han synes det er viktig å vere ein like god meklar som det han er trenar.
Eg skal skrive om kva formålet med denne annonsen er, og kva slags retoriske appellformer som blir brukt for å styrke dette formålet. Eg skal også finne ulike eksempel på verkemiddel i annonsen, og finne ut kva funksjonen av desse er.
Utdrag
Ei anna appellform som er viktig i denne annonsen er logos, som spelar ei viktig rolle i annonsen. I annonsen står det: «Verdifulle erfaringer som dette la grunnlaget for det som nå, fem år på rad, har gjort ham til den beste megleren i EiendsomsMegler1 i Nord-Norge».
Her argumenterer EiendomsMegler1 for at Runar har erfaringar, som derfor gjer at har han peiling på kva han gjer.
Her styrkar logos formålet ved å argumentere for at på grunn av at Runar har erfaring, veit han kva han gjer, og dermed er flink til å jobbe med folk, og skape tillit og glede.
Eit anna punkt eg vil fokusere på er der det blir sagt: «for Runar er gleden ved å se fornøyde mennesker i et boligsalg lik gleden han kjenner når han får hjelpe, inspirere og rettlede unge forballspillere».
Her er appellforma etos brukt, fordi annonsen får oss til å tenke at vi kan stole på Runar, på grunn av at han har vore fotballtrenar, som gjer at vi veit at han har erfaring med å jobbe med folk.
Legg igjen en kommentar