Innledning
På 1200-talet vart soger om dei islandske ættene skrivne ned av anonyme forfattarar.

Sogene skildrar ættesamfunnet på Island i perioden frå år 900 til år 1000. Islendingesogene vert sett på som stor kunst og er ein viktig del av verdslitteraturen.

Det er ikkje berre islendingane som er stolte av sogene sine, fleirfaldige forfattarar har latt seg inspirere av desse karakteristiske sogene. Samla sett eksisterer det 40 ættesoger.

Den viktigaste av dei er Njålssoga. Utover dette er Soga om Egil Skallagrimsson, Soga om Gisle Sursson, Soga om Laksdølene og Soga om Gunnlaug Ormstunge særs kjende.

I denne teksten skal vi ta eit djupdykk i Gunnlaugsoga og generelle kjenneteikn ved sogelitteraturen.

Utdrag
Generelt kan vi seie at det er ein veldig enkel og knapp forteljarmåte utan unødvendige detaljar.

Forfattarane har berre tatt med det som er viktig for handlinga. I overgangen mellom dei viktige hendingane vert det ofte brukt formelspråk.

Døme på dette er «så er han ute av soga», «så gjekk det x vintrar». Denne forteljarmåten har gjort det lettare for den som fortel soga å huske henne.

Lagnadstrua stod sterkt i det islandske samfunnet på denne tida, noko som kjem tydeleg fram i sogene.

Hovudkarakterane i ættesogene er underlagt ein skjebne som dei verken kan unngå eller flykte frå.

Ættesogene har også fleire språklege kjenneteikn. Vi ser mykje bruk av emfatisk inversjon eller omsnudd rekkjefølgje. «Ikkje skal eg halte…», i staden for «Eg skal ikkje halte….».

Eit karakteristisk kjenneteikn ved forteljarmåten i ættesogene er at indre kjensler ofte vert uttrykt gjennom ytre skildring.

«Jarlen vart raud som blod». Her må lesaren sjølv tolke teksten, og finne ut at forfattaren skildrar at jarlen vart rasande.

Eit anna døme er «Helga stod å stirde lenge etter Gunnlaug». Her kjem det fram for lesaren at Helga aldri har kome over Gunnlaug.
 
Handlinga i Soga om Gunnlaug Ormstunge er lagt til år 1000. På denne tida er island eit lovlaust samfunn, der dei største ættene driv rivaliserande kampar mellom kvarandre i eit forsøk på å skaffe seg makta.

I dette lovlause samfunnet var det viktig med mange venner og ei stor ætt. Det var særs viktig å inngå gunstige giftemål, som ætta kom godt ut av.

Fedrane hadde difor alltid siste ordet før eit giftemål kunne inngåast. Dette ser vi tydleg i Gunnlaugsoga.