Innledning
I denne teksten skal eg analysera den argumenterande artikkelen «Dei døde borna i Rama». Artikkelen er skrive av den norske forfattaren Olaug Nilssen og vart publisert i dagsavisen «Klassekampen»
den 17. april 2021. Målgruppa er alle som interesserer seg for politikk og då gjerne innvandringspolitikk.
Utdrag
I det fjerde og siste avsnittet høyrer ein om protesterte mot Sylvi Listhaug i 2016. Ho jubla i sosiale medium etter at ein liten gut vart sendt ut av Noreg og dette vekt naturlegvis sterke reaksjonar.
Sylvi Listhaug er eit prakteksempel på ein som ignorerer flykningers ramaskrik. I tillegg minskar ho den symbolske tydinga av ordet «ramaskrik» når ho bruker det som ho vil i urimelege situasjonar.
Det er eit stort bilde i artikkelen av det ein vil tru er Rakel. Under bildet står det «massakeren av dei uskuldige», dette viser til bibelhistoria frå artikkelen.
Denne artikkelen har ein god struktur, noko som gjer at lesaren blir fanga lett. Olaug Nilssen argumenterer for synet sitt gjennom å legga fram ei rekke skjulte argumentasjonsformer.
Skjult argumentasjon er ein måte å kamuflera bodskapen på, slik at det verkar sterkare. Nilssen bruker argumenterer som påverkar kjenslene våre, slik at vi blir ledet til å ta hennar side.
Ho bruker gjennom heile teksten rimelege og saklege argument som stiller Sylvi Listhaug i eit dårleg lys, noko ein vil tru var hensikta med teksten hennar.
I fjerde avsnitt legg ho fram at det kanskje ikkje er så lett for nokon av oss å høyra flykningenes ramaskrik. Dette viser til fellesskapsargumentet, der både forfattaren og lesaren er i «same båt».
Dette bidrar til at det blir knytt eit tettare band mellom skribenten og lesaren. Ho bruker faktisk gjentakinga «ramaskrik» heile ni gangar, dette for å understreka temaet i teksten. Bruken av allusjon er sentral i teksten og kan òg opplevast som eit lite sidesprang.
Bibelhistoria om Rakel i Rama bidrar med å vekka assosiasjonar som gir oss ei djupare forståing av teksten.
For å støtta endå meir opp under denne allusjonen bruker ho autoritetslån. Gjennom å visa til andre, meir kunnskapsrike personar verkar allusjonen endå meir holdbar.
Legg igjen en kommentar