Innledning
Som dei fleste sikkert veit, skal VM i fotball 2022 arrangerast i Qatar. Etter planen skal det skje frå 21. november til 18. desember, men alt er ikkje heilt på stell med førebuinga til VM.

For at det skal bli klart til VM, må mange stadiona bli bygde og Qatar er eit land der 90 % av befolkninga er emigrantarbeidarar.

Mesteparten av desse emigrantarbeidarane har ikkje statsborgarskap, og kjem vanlegvis frå Bangladesh, India og Nepal.

Emigrantane kjem for å jobbe slik at dei kan tene pengar til seg sjølv eller familien deira. Sjølve avgjersla på at Qatar skulle ha VM vart gjort i 2010, sidan då har det vore mange diskusjonar og debattar i media.

Noreg var ikkje einig på denne avgjersla, NFF(Norges Fotball Forbund) stemte ikkje for det, så kvifor vurdera nokon land å boikotte VM?

Innholdsfortegnelse
Tildelinga
Problemet
Har Media Ein Påverknad?
Nrk-Reporterar Pågripne
Understrekar Det Alle Trur
Sportsvasking
Noreg Boikottar Ikkje Vm
Personleg Meining Og Konklusjon
Bibliografi

Utdrag
Problemet
Det som er sjølve problemet, er arbeidsforholda til desse emigrantarbeiderane.

Av arbeidarane er det mange som ikkje får lønn, byte jobb eller forlate landet, og forholda med korleis dei bur i landet er horrible.

Ikkje er dei fagorganiserte, så dei har ikkje kollektiv forhandlingsrett. Kollektiv forhandlingsrett er at ein kan krevje forhandlingar om lønnsvilkår og arbeidsvilkår.

Dette gjer sjølvsagt situasjonen verre, når ein prøver å skaffe betre arbeidsforhold. Den største faktoren til alle problema, er arbeidssystemet som Qatar har.

Det går under namnet Kafala systemet. Kafala systemet er ei ordning der kvar emigrantarbeidar treng ein sponsor(kafeel) for å skaffe seg jobb. Løyve for opphald og arbeid, er det kafeelen som skaffar og varetar.

Her kjem problemet: Du treng løyve frå arbeidsgjevaren for å skifte jobb eller i det heile tatt forlate landet! Qatar har dette systemet sjølv om det ikkje kjem overeins med menneskerettane, som landet må respektere.

Har media ein påverknad?
I etterkant av artikkelen til The Guardian blei det nye debattar angåande VM. Debattane har stått sentralt i tiltalene om korrupsjon og klagene på rettane som arbeidarane har.

Eliteserieklubbane Tromsø, Strømsgodset, Viking, Odd, Brann, Vålerenga og Rosenborg har alle offentleg oppfordra Norges Fotballforbund (NFF) til å boikotte den kommande verdsmeisterskapen etter Guardian-artikkelen.

Tromsø IL, blei den første klubben som oppfordra til boikott. I ei kunngjering som refererer til The Guardian, sa klubben: «Nylig publiserte The Guardian en rapport som viser enormt mange døde fremmedarbeidere.