Innledning
I 2010 gjorde Helga Flatland sin debut med romanen «Bli hvis du kan. Reis hvis du må». Det etter at Noreg hadde vore med i krigen i Afghanistan i 8 år.
Romanen vart utgjeven av forlaget Aschehoug som beskreiv boka som ein samansveising av fleire menneskelege prosessar, som sorg og tilknyting.
Boka er del av ein trilogi, beståande av «Bli hvis du kan. Reis hvis du må», «Alle vil hjem, ingen vil tilbake» og «Det finns ingen helhet». I romanen møter me eg-personane Tarjei, Jan-Olav, Kari og Trygve (Flatland, 2010).
Utdrag
Alle i denne romanen har alle på eit eller anna tidspunkt fått valet om å bli eller å reisa. Sjølv om dei fleste vel å bli verande, har alle personane følt ein trong om å komma seg vekk.
Tarjei sin synsvinkel dreiar seg i stor grad om forventningspress frå faren sin og me får vera med på ei indre reise heilt frå tenåra, til livet tek slutt i krigen.
Legg igjen en kommentar