Innholdsfortegnelse
Del A Kortsvarsoppgåve
Del 2 - Langsvarsoppgåve
- Oppgåve 3

Utdrag
Romanen blei gjeve ut på 1850-talet som den fyrste samfunnskritiske romanen i Noreg, og skapte stor oppsikt blant den norske befolkninga.

Litteraturen som tidlegare var romantisert, utvikla seg gradvis i desse åra til å bli meir prega av ei realistisk framstilling av røyndomen.

Romanen markerte dimed eit epokeskifte der realismen trådde fram. I likskap med hovudtrekka i realismen, set ”Amtmannens Døtre” sentrale, gjerne kvardagslege, problem i samfunnet under debatt.

Romanen skildrar kvinna si rolle i fellesskapen der eit tvangsekteskap blir beskrive gjennom ei dagbok. At alle kvinner var eit slags underordnande vesen som ikkje fortente betre behandling, blir omtala som eit prinsipp få skamma seg over.

Forfattaren er likevel kritisk til dette og beskriv kva slags smerte noko slikt påfører kvinner gjennom systera til ho som blir tvangsgifta.

Blant anna erklærer systera den kjære dukka si som død og gravlegg henne etter vigselen, noko som symboliserer den tomleik og hjelpeløyse ho og andre kvinner på denne tida kjende på.

---

Thunberg startar talen sin med å presentere ein konkret påstand, og fangar med ein gong dimed merksemda til mottakarane som får lyst til å høyre meir om kvifor og korleis ho har komme fram til denne fråsegna.

Tidleg i talen etablerer ho dessutan ei felles forståing med hensikt i å overtyde mottakarane, noko som i retorikken heite doxa.

Ho skriv blant anna at det ikkje skulle vore nødvendig av henne å måtte ta seg fri frå skulen og reise til andre sida av havet for å snakke om noko som styremaktene i verda allereie burde forstått.

Ho legg dimed skylda på dei, med eit føremål om å skambeleggje mottakarane frå fyrste stund. Det blir teke i bruk fleire retoriske verkemiddel og appellformar i teksten i forsøk på å nå ut til og overtyde flest mogleg.

Frå før av har Thunberg blant anna ein forholdsvis sterk etos ettersom ho fleire gonger er blitt omtala som ein av dei fremste klimaaktivistane i verda.

Arbeidet og initiativet hennar til skolestreik og demonstrasjonar om å redusere menneskeskapte klimautslepp har vagt stor oppsikt og inspirert både unge og eldre.

Likevel er det framleis nokon som ikkje let seg overtyde av slagorda hennar, og kjem i hovudsak av at ho ikkje er fagleg utdanna på området ho uttalar seg på.