Innledning
I denne diktsamanlikninga skal eg snakka om dikta "Zoom kl. 00:58" av Ingrid Nielsen og "Strået" av Frida Ånnevik. Desse dikta har forskjelleg oppbygning og motiv.

"Zoom kl. 00:58" er eit dikt frå 2020. Motivet til dette diktet er det sakna vi har hatt i koronaperioden. Det er den lengsla av å vera med ho ein er glad i. Det å snakka med menneske ansikt mot ansikt, og ikkje på Zoom.

Utdrag
Det er mykje gjentagelser i begge dikta. I "Strået" er det lik gjentagelse etter kvar strofe. "Så skal vinden ein gong snu", dette blir gjentatt to på slutten av kvar strofe.

I dikta "Zoom kl. 00:58" er det òg nokon gjentagelser, dette er gjentagelser som "A lifetime away from you" som blir gjentatt i starten og på slutten av diktet. Det blir òg gjentatt ordet "ser" fire gangar i løpet av første strofe.

Oppbygningane av dikta er ganske like dette er fordi begge dikta har strofer som inneheld like mange verslinjer i kvart dikt.

Derfor gir dette er bra flyt og oppbygning i tekstane. Kvar strofe i kvart dikt har forskjellige tema eller "kjensler".

I dikta "Strået" har tre strofer, og kvar av dei handlar om forskjellige ting. I første strofe blir det fortalt at strået er einsamt og trist, men dette forandrar seg i strofe to.

Då møter strået vinden og blir lykkelegare, til slutt i tredje strofe så skjønner vinden at han òg vil ha strået og då vart dei lykkelege saman.