Innledning
Novella "Venteværelset" er skriven av Deiman Vitanza og henta ut frå boka Hjemlandet og andre fortellinger (H.K.H. Mette Marit og Geir Gullaksen), utgitt i 2019. Tolv forfattarar fekk problemstillinga "Kva vil det seie å være norsk i dag"?

Oppdraget gjorde Vitanza provosert og han laga derfor ein nokså problematisk tekst der han verkeleg setter dei norske verdiane på prøve. I denne teksten skal eg tolke denne novella ved å sjå på både form og innhald.

Handlinga i novella går føre seg i år 2032 i Fuglerommet på slottet, midt på natta. Kong Harald er død og kronprins Håkon sitter ved sin fars båre og venter på at dagen skal kome.

Han forbereder seg på å varsle det norske folk om bortgangen til faren sin. Håkon kjenner seg ikkje igjen i det norske lenger og han er svært usikker på om han vil bli Norges neste konge.

Han tenker tilbake på barndomsminner med familien og tenker på konsekvensane han vil få om han abdiserer. Temaet i denne novella er usikkerhet, det å ta vanskelege val og forventningar andre har til deg.

Utdrag
Denne novella startar in medias res med at Håkon sit med sin døde far og venter på at dagen skal kome.

Teksten er prega av relativt korte setningar som til dømes: «Det står et fotografi av pappa og meg på skrivebordet.

Det er et offisielt bilde. Vi er begge i galla. Jeg står litt foran han» (s. 3). Novella strekkjer seg over eit kort tidsrom.

Den er skrivet kronologisk, men er preget av retrospektiv forteljarteknikk der kronologien blir brote av tilbakeblikk. Eit døme på det er: «Hele ungdommen tvilte jeg.

Gikk alene i skogen med Rage Against the Machine på høretelefonene og kjente det ikke var en Haakon, men to. Det var han som skulle bli konge. Og så var det han andre som ville gi faen» (s. 1).

Det kan vere vanskeleg å sei om novella har eit vendepunkt sidan Håkon ikkje kjem fram til noko val, og er usikker på kva han skal gjere gjennom heile novella.

Likevel, så opnar han seg opp for sine tankar til kona Mette Marit i eit tilbakeblikk, og fortel: «Jeg føler meg impotent», «en kommende regent, uten innflytelse når det virkelig gjelder» (s. 5).