Tolking av novella ”skolesekk 22 liter”

Innledning
Novella ”skolesekk 22 liter” er skriven av Ellen Mari Thelle og er henta frå ”Tre Jo Nesbø og et båtsportkart” som blei utgitt i 2014. Thelle var født i Kyoto i 1977 og bor no i Oslo. Ho debuterte i 2009 med ”En del av historien”. I 2013 kom romanen ”Det bestandige” og i 2014 ga ho ut prosasamlinga ”Tre Jo Nesbø og et båtsportkart”.

Utdrag
I novella er det få personar med, det er tre bipersonar i tillegg til hovudpersonen; Hedvik, Åse og ein lærar. Alle karakterane er statisk framstilt, dei forandrar seg ikkje gjennom forteljinga. Alle personane er framstilt som stereotypiske personar som ikkje gjennomgår nokon utvikling.

Først den usikre jenta som blir haldt utanfor, deretter Åse, leiaren av mobbinga, Hedvik, som treng godkjenning, i dette tilfellet frå Åse og vel difor å vera med på utestenging av jenta og til slutt den snille læraren.

Personane blir primært skildra ved hjelp av handlingane deira. Hovudpersonen blir først og fremst framstilt som ein litt usikker og svak person.

Jenta er ikkje i stand til å ta eigne val og stå opp for seg sjølv. Uheldigvis endrar det seg ikkje i novella, det ender opp med at ho går for seg sjølv og ventar på at faren kjem og hentar ho slik at ho får komme heim til det som er trygt.

Åse og Hedvig er sentrale karakterar ettersom dei lagar konflikten hovudpersonen opplever i novella. Åse får ein meir negativ framstilling.

Ho er meir aktiv i forhold til konflikten og temaet i novella og utfører handlingar som er overlegne og kontrollerande, døme frå teksten: ”Åse hvisket noe til Hedvik, de lo”, ”Nei, sa Åse og slengte boken fra seg på bordet, vi går inn på turnerommet, sa hun og reise seg” og ”Åse tok hånden til Hedvig, og så løp de inn på turnerommet og lukket døren”. Hensikta med dei stereotypiske karakterane er nok for å representera mobbing i samfunnet på ein realistisk måte.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter